Avstandskrav til fastbuande og forbipasserande ved bruk av plantevernmiddel
Avstandskrav til fastbuande og forbipasserande vil seie ein gitt avstand mellom område behandla med plantevernmiddel, og område som er tilgjengelege for fastbuande og forbipasserande. Slike område kan vere vegar, bustader, private hagar og område, institusjonar og offentlege areal.
Vi har i løpet av 2024 endra praksisen vår. Alle plantevernmiddel som vi godkjenner og der det er aktuelt, vil ha gjeldande avstandskrav på etiketten under avsnittet «Bruksvilkår for å verne menneske». Avstandskravet vil gjelde for alle godkjente yrkespreparat der dette står på etiketten.
Kor langt er avstandskravet?
For bomsprøytar er minimumskravet 2 meter, og for tåkesprøyte eller anna utstyr med oppadretta eller sideretta sprøyting er minimumskravet 5 meter frå behandla området til område tilgjengeleg for fastbuande og forbipasserande.
Korleis blir avstandskravet bestemt?
Avstandskravet blir bestemt gjennom eksponeringsvurderingar av kvart enkelt plantevernmiddel. Eksponeringsvurderingar blir gjorde i samsvar med datagrunnlaget i ein eksponeringsmodell (EFSA OPEX-kalkulatoren) utarbeidde av EFSA (Dei europeiske myndigheit for næringsmiddeltryggleik). Modellen kan nyttast for vurdering av plantevernmiddel som inneheld aktive stoff med ein fastsett yrkeshygiensk grenseverdi (AOEL). Grenseverdien blir nytta til å vurdere om helserisikoen ved bruk er akseptabel.
Kva preparat får avstandskravet?
Avstandskravet vil gjelde for alle godkjente yrkespreparat der dette står på etiketten.
Generelt vil det ikkje settast avstandskrav for yrkespreparat der det ikkje har vore mogleg å bruke eksponeringsmodellen utarbeidd av EFSA. Dette gjeld blant anna preparat med mikroorganismar som aktivt stoff.
Avstandskravet vil heller ikkje settast for bruk av preparat som er forbodne å bruke på plantningar som grensar mot offentlege vegar eller private hagar, og i parkar eller andre offentleg tilgjengelege område. Les meir om bruk av plantevernmiddel i område opne for allmenn ferdsel her.
Risikoreduserande tiltak for å verne sprøytemannskap eller fastbuande og forbipasserande ved bruk av plantevernmiddel
Når Mattilsynet vurderer om eit plantevernmiddel kan godkjennast, gjer vi eksponeringsberekningar som viser om bruk av middelet er trygt. Viss eksponeringsberekningar viser uakseptabel risiko ved handtering og bruk av eit plantevernmiddel, og/eller for fastbuande og forbipasserande, kan det settast krav om bruk av følgande risikoreduserande tiltak:
- Avdriftreduserande dyser som reduserer avdrift med minst 50 prosent. Dette tiltaket kan nyttast for å oppnå akseptabel risiko for sprøytemannskap og/eller fastbuande og forbipasserande og gjeld heile jordet/behandla område, uavhengig av størrelse og talet på meter til fastbuande og forbipasserande.
- Auka avstandskrav til fastbuande og forbipasserande. Dette inneber ein auke frå minimum-avstandskrava på 2 meter for nedadretta sprøyting og 5 meter for oppadretta eller sideretta sprøyting, til høvesvis 5 meter og 10 meter frå område tilgjengeleg for fastbuande og forbipasserande.
Ei godkjenning kan enten krevje bruk av eit av tiltaka eller bruk av begge.
Viss eit plantevernmiddel har krav om bruk av risikoreduserande tiltak, vil det stå under overskriften "Bruksvilkår for å beskytte mennesker".
Regelverk
Forskrift om plantevernmidler
Kilde: Lovdata.no