Økologisk formeiringsmateriale

Regelverket krev at det blir nytta økologisk formeiringsmateriale i økologisk landbruksproduksjon dersom dette er tilgjengeleg. Dette kravet gjeld både såvare og alle typar vegetativt formeiringsmateriale.

Publisert

Økodatabasen gir ei oversikt over tilgjengeleg økologisk såvare og settepotet og anna vegetativt formeiringsmateriale. 

Gå til Økodatabasen (okofro.no)

Økodatabasen er oppretta for å sikre at økologisk formeiringsmateriale blir nytta når dette er tilgjengeleg. Databasen gir ei oversikt over kva artar og sortar det er mogleg å skaffe økologisk formeiringsmateriale av, og kor dette kan skaffast frå.

Viss det ikkje finst økologisk materiale av ønska sort, går det an å søke om å få bruke ubeisa, konvensjonelt materiale ved å sende ein elektronisk søknad gjennom databasen. Søknaden må innehalde ei grunngiving for kvifor du må bruke konvensjonelt materiale. 

Søknader kan også grunngivast med at sorten ikkje er tilgjengeleg i landsdelen din eller at du ønsker ein annan sort med bestemte eigenskapar.

I økodatabasen er det etablert eit system og liste over artar, underartar eller sortar av planteformeiringsmateriale som såvareforhandlarar har tilstrekkeleg mengde økologisk eller karensmateriale å tilby marknaden, slik at det ikkje er behov eller mogleg å søke om løyve til å bruke slikt ikkje-økologisk materiale.

Debio er ansvarleg for drifta av databasen. Firmaa som tilbyr formeiringsmateriale er ansvarlege for å oppdatere informasjonen om tilgjengelegheit.

Veileder for økologisk landbruk (PDF), sjå kap. 2.6.