Meld frå om daude produksjonsdyr
Meld frå om sjøldaude eller avliva produksjonsdyr
Dette skjemaet skal du berre bruke viss du bur i Finnmark, eller andre stader der Biosirk Norge ikkje køyrer.
Alle andre skal melde ifrå om daude dyr til Biosirk Norge AS (biosirk.no) når dei bestiller henting av det daude dyret.
Følgjande dyr skal registrerast inn for å tas prøver av:
- Daude storfe over 4 år
- Daude sauar og geiter over 1,5 år.
- Daude hjortedyr (inkludert tamrein) over 1 år.
Aldersgrensane over gjeld ikkje når dyret har endringar i atferd eller har mista evna til å bevege seg naturleg, sidan dette kan vere tekn på hjernesjukdom. I slike tilfelle må du ringe Mattilsynet på tlf. 22 40 00 00.
Alle felt må fyllest ut, unntatt felt merka med Valfritt