Fotråte
Fotråte er ein sjukdom som rammar småfe. Viss du har mistanke om sjukdommen, eller han er påvist, skal du melde frå til Mattilsynet umiddelbart.
Fotråte er ein sjukdom som rammar småfe. Viss du har mistanke om sjukdommen, eller han er påvist, skal du melde frå til Mattilsynet umiddelbart.
Sjukdommen førekjem i dei fleste land, men har ikkje blitt påvist i Noreg dei siste åra.
Mattilsynet kjempar mot sjukdommen, og målet er å utrydde den.
Ring Mattilsynet på telefon 22 40 00 00 ved mistanke om, eller påvisning av, alvorlig smittsom dyresykdom.
Hvis du har kontaktet praktiserende veterinær, vil veterinæren melde fra til Mattilsynet. I så fall trenger du ikke kontakte oss selv.
Fotråte er ein smittsam, kronisk bakterieinfeksjon i klauvene på småfe.
Fotråte er ein sjukdom på nasjonal liste 2. Viss du har mistanke om sjukdommen, eller han er påvist, skal du melde frå til Mattilsynet umiddelbart.
Sjukdommen har i regelen ei langsam utvikling. Når den bryt ut, kan den forårsake omfattande skadar i klauvene. I enkelte tilfelle kan heile eller delar av klauvsålen lausne.
Den største smittefaren er inntak av levande dyr i småfeanlegget ditt.
Fotråte-smitten kan overleve svært lenge i klauvene hos infiserte dyr, men overlever berre om lag 14 dagar i miljøet (tørre golv, strekkmetall, beiter). Smitten kan sannsynlegvis overleve lengre tid i talle (snl.no).
Beiter o.l. reknas som fritt for fotråte-smitte dersom det ikkje har gått sau (eller andre smitta dyr) der dei siste 14 dagane.
Nei, fotråte smittar ikkje til menneske.