Råd til saueklypparar

Du som klipper sau, kan spre smitte mellom ulike dyrehald. Her finn du gode råd for å hindre smitte mellom anlegg.

Fagleg oppdatert

Tenk fyrst og fremst på fottøy, overtrekkstøy, utstyr og personleg hygiene, slik at ikkje du er årsak til at smittestoff vert overført frå eit fjøs til eit anna.

  • Kontroller om anlegga du skal inn i har restriksjonar.
  • Følg smitteverntiltaka som driftsansvarleg har laga for sitt dyrehald.
  • Be om vaskevatn til handvask, med såpe og handkle/papir. Be og om vatn til vask av støvlar dersom du brukar det.
  • Spør om dyreeigar kan halde eige filtteppe, filtsko eller anna skotøy, og kjeledress. Hvis eigaren ikkje har filtteppe, filtsko eller anna skotøy, kan du bruke gummistøvlar, filtsko eller joggesko. Filtsko og joggesko må vaskast i vaskemaskin (60°C) og desinfiserast før bruk i ny buskap. Gummimatte eller finerplate kan nyttast til klippeunderlag i staden for filtteppe.
  • Skift eller vask og desinfiser knivar på klippemaskina før du går inn i neste fjøs.
  • Legg klippeutstyret på eit reint bord, eller bruk i  ein rein papirsekk (vrengt) el., slik at det kjem minst mogeleg i kontakt med urin og avføring.
  • Alt utstyr må ha grundig reingjering før desinfeksjon for at desinfeksjonsmiddelet skal ha effekt.