Transport av dyr til beite
Transport av dyr i næringsmessig dyrehald til og frå beite, er å betrakte som næringsmessig transport. Reglane i forskrift om næringsmessig transport må derfor vere oppfylte.
Transport av andre dyr til beite, for eksempel hest som ikkje blir halden i næringsmessig hestehald, blir rekna som hobbytransport, med mindre du leiger inn transportør som gjennomfører oppdraget. I så tilfelle er transporten å betrakte som næringsmessig transport.
For hobbytransport til og frå beite gjeld dei same reglane som for annan hobbytransport.
Krava til næringsmessig transport til og frå beite varierer, avhengig av om det er dyrehaldar sjølv som transporterer dyra eller ikkje, og om transporten er over eller under 50 km.
- Viss det ikkje er dyrehaldar som transporterer, gjeld dei same reglane som for annan næringsmessig transport.
- Viss det er dyrehaldar sjølv som transporterer dyra til og frå beite, er det unntak frå ei rekke av dei spesifikke krava som elles gjeld for næringsmessig transport.
I denne artikkelen nemner vi nokre av dei viktigaste unntaka, og kva dette betyr i praksis.
Krav til transportør og personell
Når dyrehaldar sjølv transporterer dyr til beite, gjeld ikkje kravet om at transportøren skal vere godkjent av Mattilsynet.
Dyrehaldar treng heller ikkje ha kompetansebevis for å gjennomføre slik transport. Likevel gjeld det naturlegvis krav om at sjåføren (dyrehaldaren) må ha tilstrekkeleg kompetanse til å gjennomføre transporten på forsvarleg måte og i tråd med dei reglane som gjeld.
Krav til transportmiddel og handtering av dyr
Når dyrehaldar sjølv transporterer dyr til eller frå beite, gjeld dei generelle krava både til transportmiddel og til handteringa av dyra.
Viss transporten går over strekningar som er meir enn 50 km, gjeld meir spesifikke krav enn for kortare transportar.
Viss transporten til eller frå beite tar meir enn åtte timar, gjeld dei same krav til kvile og stell undervegs som for annan næringsmessig transport.
For all type transport gjeld at dyra ikkje skal transporterast under slike forhold at dei kan komme til skade eller bli påført unødig liding. Dette inneber blant anna at:
- dyra må vere i stand til å bli transportert
- transportmiddelet som blir nytta må vere eigna for transport av den aktuelle arten
- dyr som kan skade kvarandre ikkje kan transporterast saman
Viktige ting å tenke på når det gjeld transportmidla
I vurderinga av om transportmiddelet er eigna til bruk for transport av dyr er det særleg nokre moment vi ønsker å nemne. Vi understrekar at dette ikkje er ei uttømmande liste over krava i regelverket.
- Transportmiddelet må vere sikra mot at dyr kan rømme.
- I dei fleste tilfelle er det nødvendig med lastelem for å sikre forsvarleg lasting og lossing. Viss lastelemmen er bratt, må han ha sklisikring.
Avhengig av om dyra blir enkeltvis leidde når dei blir lasta og lossa, kan det vere nødvendig med sidevegger på lastelemmen. Det har også noko å seie kor stor høgdeforskjell det er mellom bakken og golvet i transportmiddelet, fordi stor høgdeforskjell inneber større risiko for skade viss eit dyr hoppar eller fell ned frå lemmen. - Golvet i transportmiddelet må vere sklisikkert, og golv og vegger må vere sterke nok til å tole belasting frå dyra.
- Det må ikkje vere fare for at dyra kan komme i klem, sette seg fast, eller skade seg på skarpe kantar eller liknande.
- Det må vere tilstrekkeleg luft/ventilasjon i transportmiddelet. I mange tilhengarar som blir brukte til beitetransport er dette ikkje ei aktuell problemstilling fordi dei er meir eller mindre opne, med vegger av netting, sprinklar eller liknande.
Viss beitetransport går over strekningar på meir enn 50 km, gjeld meir spesifikke krav til ventilasjon, temperaturar og temperaturregistrering. Dette er dei same krava som gjeld for annan næringsmessig transport. - Viss transporten går over strekningar på meir enn 50 km, er det også krav om at transportmiddelet skal vere tydeleg merka med opplysing av at det inneheld levande dyr. Transportmiddelet må ha slik merking både framme og bak.
- Transportmiddel for hest skal ha tak, og hestane skal ha fritt rom på minst 20 cm over hovudet når dei står i oppreist stilling.
Viss vinkelen mellom lengderetninga til hesten og køyreretninga til transportmiddelet er meir enn 30 grader, skal det vere eigna bringebom. Dette kravet gjeld enten hestane står med hovudet framover eller bakover. Bringebommen må ikkje vere for tynn, og må ikkje vere laga av materiale som hestane kan skade seg på. han kan gjerne vere polstra, men dette er ikkje eit spesifikt krav. - Veggåande transportmiddel for reinsdyr skal ha tak, og takhøgda skal vere minst 1,3 meter. Takhøgda må likevel vere låg nok til å hindre at dyra lett kan klatre eller hoppe på kvarandre. Transportmiddel som blir brukte om vinteren, må ha tett vegg i front.
Transportmiddel som blir brukte til hest skal vere godkjente. For andre artar er det berre krav om godkjenning av transportmiddelet dersom det ikkje er dyrehaldar sjølv som transporterar og transporten tar meir enn åtte timar.
Viss du er i tvil om du kan bruke transportmiddelet ditt til transport av dyr, må du kontakte Mattilsynet der du bur.
Regelverk
Forskrift om næringsmessig transport av dyr
Kilde: Lovdata.no