Mattilsynets hovudprioriteringar innan landdyr i 2025
Mattilsynet skal til ei kvar tid prioritere ressursane sine der sjansane for regelbrot, og konsekvensane av desse, er størst. Mattilsynet vel derfor kvart år ut nokre område som vi prioriterer for tilsyn.
Innhald på denne sida
Under kan du lese om dei områda Mattilsynet prioriterer for landdyr i 2025. Mattilsynet vil i tillegg ivareta løpande oppgåver som å handtere hendingar, gjennomføre prøvetaking, behandle søknader og følge opp bekymringsmeldingar.
Identifikasjon og registrering av storfe, sau og geit
For å sikre trygg mat og effektiv handtering av dyresjukdommar, er det viktig at storfe, sau og geit er riktig registrert og merka, og at regelverkskrav om journalføring og rapportering er oppfylt.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Mattilsynet har plikt til å gjennomføre tilsyn med identifikasjon og registrering (sporing) i eit utval anlegg med storfe, sau og geit kvart år. Dette følger av EØS-avtalen.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skal føre tilsyn med identifikasjon og registrering i tre prosent av anlegga med storfe, sau og geit. I anlegg med sau og geit, vil tilsynet også kunne inkludere tilsyn med skrapesjuke.
Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?
Alle som har storfe, sau eller geit må vere førebudd på at vi kan komme på tilsyn. Hugs at du skal følgje regelverket anten du får tilsyn eller ikkje.
Når vi kjem på tilsyn, går vi gjennom relevante dokument for å kontrollere journalføring og rapportering. I tillegg tar vi ein runde i fjøset for å sjå om dyra dine er korrekt merka.
Tilsynsmalar
Tilsynsmalane vi vil bruke:
- Tilsyn med identifikasjon, registrering og rene dyr
- Tilsyn med identifikasjon og registrering av sau
- Tilsyn med identifikasjon og registrering av geit
Du kan lese meir om identifikasjon og registrering på temasidene for sau og geit, og storfe.
Førebygging og kontroll av skrapesjuke
Vi har som mål at Noreg skal vere fritt for klassisk skrapesjuke.
Derfor har vi eit overvakingsprogram for skrapesjuke. Det inneber mellom anna at vi fører tilsyn med at du som har sau og geit har system for å førebygge og oppdage skrapesjuke i flokken din. Sist klassisk skrapesjuke blei påvist i Noreg var i 2009.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Noreg har status som land med kontrollprogram for skrapesjuke i EØS-området. Det er viktig for Noreg å behalde denne statusen, fordi det vernar oss mot sjukdommar ved innførsel av småfe. For å behalde statusen, må vi gjennomføre kontrollprogrammet. Det betyr mellom anna at Mattilsynet må føre tilsyn med førebygging og kontroll i eit utval anlegg med sau og geit.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi skal føre tilsyn i ti prosent av anlegga med sau og geit. Nokre av tilsyna vere fysiske tilsyn, mens andre tilsyn vil bli gjennomført digitalt. I tillegg vil vi ta ut overvakingsprøver av sjølvdøde og avliva småfe, og eit utval av slakta småfe.
Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?
Alle som har sau eller geit må vere førebudde på at vi kan komme på tilsyn. Hugs at du skal følgje regelverket anten du får tilsyn eller ikkje.
Når vi kjem på tilsyn, vil vi rettleie deg om skrapesjuke og kontrollere om du overheld meldeplikta di. Du har meldeplikt for skrapesjuke når dyr eldre enn 18 månader døyr eller blir avliva og ved mistanke om skrapesjuke. Vi vil også kontrollere at du er kjent med og overheld krav ved flytting småfe mellom anlegg, og særleg at anlegg du eventuelt har henta småfe frå er i TSE-klasse 3 eller høgare.
Ved fysiske tilsyn vil vi vanlegvis komme uvarsla til garden din. Da vil vi be om å få sjå på dyrehaldjournalen din og vi vil ta ein runde i fjøset for å sjå på dyra og diskutere korleis du kan oppdage skrapesjuke hos dyra dine.
Ved digitale tilsyn vil Mattilsynet be om å få tilsendt ein del dokument på e-post i forkant av tilsynet. Eksempel på slike dokument kan vere dyrehaldjournalar, eigenerklæringar og veterinærattestar. Digitale tilsyn vil gå føre seg på Teams, du vil få tilsendt ei lenke til Teams i forkant av møtet. Du treng ikkje ha Teams installert for å kunne delta på møte.
Under tilsynet vil vi ha ein samtale med deg. I tillegg kan det vere aktuelt å ta ein runde i fjøset.
For at det skal vere mogleg å gjennomføre eit digitalt tilsyn, er det nødvendig at
- du er villig til å teste ut denne nye tilsynsforma saman med oss
- du har tilgang til smarttelefon eller nettbrett med nett-tilgang
- du har tilstrekkeleg dekning i dyreromma til at videomøte let seg gjennomføre, dersom det er aktuelt å ta ein runde i fjøset (viss du er usikker på om du har god nok dekning, kan vi teste det ut i forkant av tilsynet)
- du sender Mattilsynet den dokumentasjonen vi ber om i forkant av tilsynet
Ver merksam på at det i nokre tilfelle kan vere aktuelt med fysisk verifikasjonstilsyn etter eit digitalt tilsyn.
Kommersielle fjørfe- og svinehald har smitteførebyggande tiltak
Noreg har svært god dyrehelse, men dei siste åra har fleire alvorlege dyresjukdommar blitt påviste i dyrehald i Noreg.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Fugleinfluensa blir påvist jamleg på ville fuglar i heile landet. Sjukdommen har også blitt påvist i kommersielle fjørfehald og i hobbyfuglehald. Vi må venne oss til, og ta utgangspunkt i, at det finst fugleinfluensasmitte til ei kvar tid hos ville fuglar i Noreg. Du må planlegge smittevernet ut frå dette.
Svinesjukdommen afrikansk svinepest kryp stadig nærmare, sjukdommen blei mellom anna påvist på villsvin i Sverige hausten 2023. I januar 2025 blei det påvist munn- og klauvsjuke i Tyskland. Dette er alvorlege dyresjukdommar som fører til sjukdom og død, og utbrot vil medføre avliving og sanering i dyrehaldet.
Førebygging er betre enn handtering av sjukdomsutbrot. Den beste måten å verne eige dyrehald mot smitte, er å ha rutinar som sikrar godt smittevern. Mattilsynet vil derfor halde fram med å jobbe for at alle som har fjørfe og svin har godt smittevern på eigen gard.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Fordi smittevern og førebygging er så viktig, er det eigne reglar for dette. Mattilsynet vil informere og rettleie om desse regelverkskrava på fleire ulike arenaer. Vi samarbeider med næringa for å spreie informasjon og kunnskap om korleis du best kan verne ditt eige dyrehald mot smitte. Vi vil også rettleie om smittevern når vi er på tilsyn i dyrehald med fjørfe og svin.
I 2025 skal vi føre tilsyn med om krava til smittevern blir følgde i anlegg med svin og anlegg med fjørfe.
Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?
Tilsyn i fjørfehald vil bli gjennomført samtidig som vi tar ut prøver for Salmonella. Ein del av tilsyna vil derfor vere varsla i forkant. Da er det fint om du har alle aktuelle dokument (for eksempel smittevernplan, planteikning over dyrerom) klare når vi kjem på tilsyn. På tilsynet vil vi sjå på smittevernrutinane i dyrehaldet, og kva du som dyreeigar pliktar å gjere ved mistanke om smittsam dyresjukdom i dyrehaldet ditt.
Tilsyn i dyrehald med svin vil bli gjort samtidig med kontroll av dyrevelferd i kombinertbuskapar. Desse tilsyna vil som hovudregel vere uvarsla. Vi vil sjå på smittevernrutinane i dyrehaldet ditt og informere om kva du som dyreeigar plikter å gjere ved mistanke om smittsam dyresjukdom. Vi kontrollerer og at du fører journal over helseopplysningar om dyra dine.
Du bør gå gjennom eigne rutinar for smittevern regelmessig, og minst ein gong i året. Da bør du sjekke at smittevernrutinane du har på garden din vernar dyra dine mot smitte. Du må og sikre at rutinane er gode nok for smittesituasjonen der du bur. Dei skriftlege rutinane må vere i tråd med det du gjer i praksis, elles er dei lite verd.
Tilsynsmalar
Tilsynsmalane vi vil bruke:
Krav til smittevern
- Smittevernplan for alle næringsretta dyrehald
- Alle som driver anlegg med næringsrettet dyrehold må ha kurs i dyrehelse
- Hygiene i anlegg med dyr
- Syke dyr må få forsvarlig behandling
- Du kan bringe smitte fra utenlandske dyr - husk karenstid (ventetid)
- Melde om smittsom dyresykdom
- Journal over helseopplysninger for svin
Andre relevante lenker
Storfe skal haldast reine
Storfe skal haldast reine. Dette er viktig både for velferda til dyra, og fordi det er vanskeleg å slakte skitne dyr på ein hygienisk forsvarleg måte.
Hvorfor velger Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Når storfe er skitne, går det ut over både dyrenes velferd og matsikkerheten. Skorper av møkk kan resultere i både irritasjon, betennelser i huden og smerter. Hvis dyrene er skitne, kan dette også påvirke temperaturreguleringen og gjøre dem mer utsatt for sykdom. Skitne dyr kan føre til forurensing av kjøtt under slakting, og fare for sykdom hos mennesker.
Hvordan planlegger Mattilsynet å jobbe med dette, og hva kan du som holder storfe forvente?
I 2025 skal vi kontrollere renhold av storfe samtidig som vi er på tilsyn for å kontrollere identifikasjon og registrering av storfe.
Identifikasjon og registrering av storfe, sau og geit
Relevante lenker
Dyrevelferd i svineproduksjon
Mattilsynet held fram med å følge opp resultata frå svinekampanjen som vi gjennomførte i 2021 og 2022.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Resultata frå svinekampanjen viste at det var for stor grad av regelbrot i norsk svineproduksjon. Som ei oppfølging av desse funna, prioriterer Mattilsynet framleis dyrevelferd i svineproduksjon høgt.
Mattilsynets nasjonale tilsynskampanje for svin 2021-2022
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Under svinekampanjen gjennomførte vi tilsyn i smågrisproduksjon og slaktegrisproduksjon. I år prioriterer vi tilsyn i kombinertbesetningar, og skal gjennomføre tilsyn i 90 slike besetningar.
Vi prioriterer å kontrollere dei krava vi oftast fann brot på i svinekampanjen. Eksempel på dette er krav som gjeld behandling av sjuke og skadde dyr, bruk av rotemateriale og tildeling av strø og vatn.
Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?
Som hovudregel vil våre tilsyn vere uvarsla.
I tillegg til å kontrollere dyrevelferdskrav, vil vi også kontrollere krav til smittevern.
I nokre tilfelle vil vi også kombinere tilsyn med dyrevelferd med uttak av prøver i tråd med igangverande overvakingsprogram.
På temasida for svin kan du lese meir om både smittevern og dyrevelferd i svinehald.