Identifikasjon og registrering av storfe, sau og geit

For å sikre trygg mat og effektiv handtering av dyresjukdommar, er det viktig at storfe, sau og geit er riktig registrert og merka, og at regelverkskrav om journalføring og rapportering er oppfylt.

Publisert

Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?   

Mattilsynet har plikt til å gjennomføre tilsyn med identifikasjon og registrering (sporing) i eit utval anlegg med storfe, sau og geit kvart år. Dette følger av EØS-avtalen.  

Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?   

Vi skal føre tilsyn med identifikasjon og registrering i tre prosent av anlegga med storfe, sau og geit. I anlegg med sau og geit, vil tilsynet også kunne inkludere tilsyn med skrapesjuke.

Kva betyr dette for deg, og kva kan du forvente?   

Alle som har storfe, sau eller geit må vere førebudd på at vi kan komme på tilsyn. Hugs at du skal følgje regelverket anten du får tilsyn eller ikkje. 

Når vi kjem på tilsyn, går vi gjennom relevante dokument for å kontrollere journalføring og rapportering. I tillegg tar vi ein runde i fjøset for å sjå om dyra dine er korrekt merka. 

Tilsynsmalar

Tilsynsmalane vi vil bruke:

Du kan lese meir om identifikasjon og registrering på temasidene for sau og geit, og storfe.