Korleis avlive hummar
Hummer skal ikkje avlivast med levandekoking, men avlivast / bli bedøvd før koking.
Ein måte å avlive hummar på er å kløyve hovudet med ein kniv. Først finn du kor kryssa på hovudet til hummaren er. Frå dette krysset set du bakarste del av kniven, slik at du treffer samlingspunktet for sentralnervane.
Hald fast klørne til hummaren. Merk deg kor kryssa midt på hovudet til hummaren er. Frå dette krysset skal ein setje bakarste del av ein tung kniv og kløyve hovudet i midtlinja med ei jamn og rask rørsle. Snu så hummaren og set bakarste del av kniven i same kryss, og kløyv i midtlinja bakparten til hummaren. Nervesentruma til hummaren ligg i midtlinja og det er viktig å vere nøyaktig med plasseringa av kniven for å treffe alle nervesentruma. Er du nøyaktig, vil du treffe samlingspunktet for nervesentruma.
Mattilsynet tilrår at dei som kjøper hummaren i butikk, får dei avliva der av profesjonelle som kan dette.
Det finst andre måtar å avlive og bedøve hummar på (mellom anna elektrisk bedøving), men slike metodar krev meir fagkunnskap. Mattilsynet forventar ikkje at privatpersonar har slik kunnskap og utstyr. Derimot er dette forventa av profesjonelle aktørar som restaurantar / butikkar og så bortetter.