Er det rett at eplekjernar inneheld cyanid (blåsyre)?

Er det så store konsentrasjonar at det ikkje er anbefalt å ete eplekjernar? Kor mykje er det i forhold til andre vanleg matvarer?

Publisert

I planteriket tilhøyrer epletre rosefamilien. Det er kjent at frø frå rosefamilie kan innehalde cyanogene glukosider. Cyanogene glukosider blir frigjort til blåsyre (hydrogencyanid; HCN) i magen. Knuste frø vil frigjere meir HCN. Noko av blåsyra ein får i seg blir omsett og fjerna, men det er skadeleg dersom ein får i seg for mykje blåsyre. Ved inntak av cyanogene glukosider (små dosar) kan ein få ein bitter smak (jf. bitter mandel).

Cyanogene glukosider finst elles i heile planteriket, men plantar frå rosefamilien er mest kjente for å innehalde dette. Kjernehuset i eplet inneheld ikkje desse stoffa, berre frøa og kjernen inne i frøa.

Produkt som kjent inneheld cyanogene glukosider er linfrø, aprikoskjernar, kassava og bambusskot.

Rå aprikoskjernar kan gi cyanidforgifting

Dette gjer du

Mattilsynet har ingen oppfordringar mot å ete eplekjernar og kjenner heller ikkje til slike oppfordringar i andre land.

For linfrø vil ein til to matskeier av heile linfrø per dag for ein vaksen person ikkje føre til nokon forgiftingsfare, ifølge Livsmedelsverket i Sverige. Det kan nok vere nokre konsentrasjonsforskjellar av HCN mellom eplefrø og linfrø.

Kassava er nok det produktet som inneheld mest cyanogene glukosider og må gå gjennom omfattande forbehandling før konsum.