Ultraprosessert mat

Mykje av maten vi et er prosesserte i ei eller anna form, men det finst i dag ingen definisjon av omgrepet ultraprosessert i europeisk og norsk matregelverk. Likevel er mange av problemstillingane relaterte til ultraprosessert mat allereie dekte av dagens regelverk for prosessert mat.

Publisert

For mange forbrukarar har omgrepa prosessert eller ultraprosessert mat negativ betyding. Men kva betyr eigentleg desse omgrepa? Og kva reglar gjeld for denne typen mat?

Det er matprodusentane som har ansvar for at maten blir produsert etter regelverket og at maten er trygg. Mattilsynet utviklar regelverk som matprodusentane skal følge og rettleier om korleis regelverket skal forståast. Regelverket baserer seg på tilgjengeleg kunnskap og blir oppdatert når ny kunnskap ligg føre. Vidare fører Mattilsynet tilsyn med at produsentane følger det gjeldande regelverket.

Innhald på denne sida

Kva er prosessert mat?

Prosesserte eller foredla produkt, som dei blir kalla i matregelverket, er mat som blir framstilt ved hjelp av éin eller fleire foredlingsprosessar. Mange foredlingsprosessar er konserveringsmetodar som blei tatte i bruk allereie for fleire tusen år sidan, slik som tørking, salting og fermentering. Nokre prosesseringsteknologiar er nye, som for eksempel enzymatisk hydrolyse, som «kutter opp» molekyl i mindre bitar slik at produkt som kosttilskot lettare kan fordøyast og takast opp i kroppen. Ein kjent prosesseringsmetode er pasteurisering, ein type varmebehandling som bidrar til å drepe helseskadelege bakteriar som for eksempel E. coli og Salmonella. I tillegg til mattryggleik, kan prosessering påverke innhald av uønskte stoff, smak og tekstur, haldbarheit og utnytting av råvarer, men også av næringsstoff.

Definisjonen av prosesserte/foredla produkt finst her: Næringsmiddelhygieneforskrifta (lovdata.no)

Kva er ultraprosessert mat, og kvifor er det vanskeleg å definere det?

Det finst ikkje ein universell og samlande definisjon av ultraprosessert mat per i dag. Fleire system klassifiserer maten utor grada av bearbeiding, og i alle desse systema blir ultraprosessert mat definert på ulike måtar. Det finst heller ikkje noka vitskapleg eller internasjonal einigheit om kva som er det mest eigna systemet. Dermed blir det også vanskeleg å definere eit skilje mellom “ultraprosessert” og annan, mindre prosessert mat.

Det mest kjente systemet heiter NOVA, og beskriv ultraprosessert mat etter blant anna desse kriteria:

  • ingrediensar som for det meste blir brukte av industrien
  • råvarer som er brote ned og deretter sett saman igjen
  • tilsett sukker, feitt og salt, ofte i kombinasjon

Tilsetningsstoff må godkjennast før bruk

Tilsetningsstoff blir ofte nemnde i samband med ultraprosessert mat. Desse stoffa blir brukte fordi det i produksjon av mat kan vere behov for å for eksempel endre konsistens, auke haldbarheita eller gjenopprette farge.

All bruk av tilsetningsstoff er strengt regulert. Alle tilsetningsstoff har vore gjennom ei omfattande vurdering og testing før dei blir tillatne brukte i mat. Noreg har same regelverk som EU med detaljerte reglar for kor mykje og i kva produkt det er tillate å bruke dei ulike tilsetningsstoffa. EFSA, den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik, revurderer jamleg tryggleiken til alle tilsetningsstoff. Alle tilsetningsstoff skal stå i merkinga på produkta.

For at eit tilsetningsstoff skal kunne bli godkjent til bruk i mat, må det vere eit definert behov, og bruken må verken innebere ein helserisiko eller villeie forbrukarar.

Meir om: Bruk av tilsetningsstoff

Påverkar tilsetningsstoffa fordøyingskanalen?

Mattilsynet har opplevd noko bekymring blant forbrukarar og matprodusentar om enkelte tilsetningsstoff, blant anna karragenan og andre konsistensmiddel, og effekten deira på fordøyingskanalen. Per i dag gir ikkje kunnskapsgrunnlaget grunn til å vere bekymra for bruken av konsistensmidlar. Mattilsynet følger opp bekymringa for konsistensmidlar ved at fleire studiar blir inkluderte i Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) si kartlegging av forsking om effektar på fordøyingskanalen frå 2023.

Les meir her: Konsistensmidlar - oppdatering av kartlegging av forsking om effektar på fordøyingskanalen - Vitskapskomiteen for mat og miljø (vkm.no)

Kva er prosessframkalla stoff?

Prosessframkalla stoff oppstår ved at det skjer kjemiske endringar i stoff som allereie finst i maten, for eksempel ved steiking, grilling, tørking eller fritering. Desse stoffa kan også dannast ved tillaging av mat heime. Eksempel på prosessframkalla stoff er furan, akrylamid og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

I dag er det grenseverdi for PAH i matregelverket, mens grenseverdiar for akrylamid og furan er under utvikling. Dette blir gjort på grunnlag av innsamla data om innhald i ulike produkt, og uavhengige vitskaplege vurderingar hos EFSA. Det er ikkje tillate å selje mat som inneheld slike stoff i konsentrasjonar over dei gitte grenseverdiane. Det er matprodusentane sitt ansvar å sikre dette. Det finst også grenseverdiar for andre uønskte stoff i mat, slik som plantetoksin, miljøgifter, legemiddelrestar og plantevernmiddelrestar. Mattilsynet analyserer også matvarer for enkelte stoff der det er behov for meir kunnskap om førekomsten.

Meir om: Prosessframkalla stoff

Meir om: Råd for å redusere helseskadelege stoff ved grilling

Korleis skal maten merkast?

Merking av mat skal vere korrekt og gi tilstrekkeleg informasjon til forbrukar. Alle ferdigpakka matvarer skal vere merkte med visse obligatoriske opplysingar, som for eksempel ingrediensliste, som seier kva matvara er laga av. Tilsetningsstoff og aromaer i matvarer skal stå i ingredienslista. Tilsetningsstoff skal oppgivast med E-nummer og/eller spesifikt namn. Funksjonen til tilsetningsstoffet skal også angivast, for eksempel at det er ein antioksidant. Ved merking og marknadsføring av matvarer skal matprodusentar sikre at forbrukar ikkje blir villeidd.

Kva gjer Mattilsynet?

Offentleg kontroll og regelverksutvikling

Mattilsynet gjennomfører årlege kontrollar av matvarer på den norske marknaden basert på risiko og krav i regelverket. Vi kartlegg og fører tilsyn med blant anna

  • uønskte stoff i mat
  • bruk av tilsetningsstoff
  • berikning av matvarer
  • næringsinnhald
  • produktmerking

Mattilsynet deltar også i arbeidsgrupper i EU som utviklar regelverket norske matprodusentar må følge, og rettleier om korleis det skal forståast.

Korleis blir risiko vurdert?

Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (EFSA) og Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) vurderer om det er ein risiko, mens risikohandtering og risikokommunikasjon blir gjord av Mattilsynet.

EFSA gjer uavhengige vitskaplege risikovurderingar knytte til mat og næringskjeda, og gir råd til EU-kommisjonen, EU-parlamentet og medlemslanda i EU/EØS. For norske forhold, ber vi VKM vurdere risiko for oss viss vi meiner det er behov. VKM sikrar at myndigheitene får uavhengige vitskaplege risikovurderingar av forhold som har noko å seie for helsemessig trygg mat og for miljøet.

Vi innhentar også kunnskap gjennom kunnskapsstøtteinstitutta våre (Folkehelseinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet).

Meir om: EFSA (europa.eu)

Meir om: Vitskapskomiteen for mat og miljø (vkm.no)