Produksjon og sal av honning
Her finn du informasjon om regelverket for slynging og sal av honning.
Innhald på denne sida
Denne informasjonen er meint for verksemder som skal starte med eller held på med produksjon av honning. På våre sider om produksjonsdyr finn du meir om birøkt og bier som produksjonsdyr.
Du finn også god informasjon om honning på KSL sine nettsider
Primærproduksjon
Slynging, pakking og sal av honning til sluttforbrukar er ein del av primærproduksjonen.
Hygienereglane for dette finn du i næringsmiddelhygieneforskrifta. Det same gjeld felles slyngerom for fleire bigardar.
Registrering av slyngerom
Du må underrette Mattilsynet om kva type slyngerom du bruker.
Det gjer du enklast ved å fylle ut det elektroniske skjemaet «Registrer/oppdater birøkt» (det same skjemaet som vert brukt for å registrere bigardsplassar). I skjemaet vel du da anten «Eige slyngerom» eller «Felles slyngerom» i feltet «Slyngerom». Når du bruker felles slyngerom, må du i tillegg gje nokre opplysningar om eigaren.
Slik gjer du
Fyll ut skjemaet "Registrere eller oppdatere birøkt" på Mattilsynet si skjemateneste.
Registrere eller oppdatere birøkt - registreringsskjema
Du skal bruke dette skjemaet dersom du skal
- registrere nye bigardsplassar hos Mattilsynet
- oppdatere eller rette opplysningar om bigardsplassar du tidlegare har registrert hos Mattilsynet
- melde frå til Mattilsynet om at du har lagt ned bigardsplassar.
- be Mattilsynet om å foreta undersøkingane som krevst for å flytte bier internt i Noreg (sertifisere bigarden)
- melde frå til Mattilsynet om at du sjølv har føretatt undersøkingane som krevst for å flytte bier frå bigarden internt i Noreg (sertifisere bigarden)
- underrette Mattilsynet om slyngerom du bruker
Skjemaet viser til forskrifter som er oppheva og erstatta av nye forskrifter. Dei nye forskriftene tredde i kraft 28. april 2022. Sjå oversikt over erstatningar. Mattilsynet jobbar fortløpande med oppdatering av dei digitale skjemaa sine.
Registrering av sal
Skal du selje honning direkte til sluttforbrukarar eller til lokale detaljistar (t.d. daglegvarebutikkar), må du registrere dette i Mattilsynet si skjemateneste.
Dette kjem i tillegg til registreringa som bigard.
I skjematenesta vel du aktiviteten «detaljomsetning og servering» og produksjonsforma "omsetning av animalsk råvare direkte fra produsent (vilt, fisk, honning, egg)".
Slik gjer du
Registrering av næringsmiddelverksemd
Du skal vere registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du importerer, håndterer, lagrar eller omset næringsmiddel.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynet si skjemateneste.
Skjemaet skal også brukast dersom du vil utvide aktiviteten i ei allereie eksisterande verksemd og starte med ein ny aktivitet som ikkje er registrert.
Næringsmiddelverksemd
Dersom du skal fungere som grossist og distribuere honning i stort omfang, eller selje til detaljistar utanfor ditt lokalområde, er dette ei næringsmiddelverksemd.
Da må du må følgje hygienekrava i vedlegg II til næringsmiddelhygieneforordninga, og det er krav om internkontroll.
Honning er animalsk mat, men sidan det ikkje er særskilde krav til verksemder som vidareforedlar honning, treng du ikkje søkje om godkjenning. Du skal registrere verksemda i skjematenesta til Mattilsynet. Bruk skjema "Ny matbedrift…", og vel aktiviteten "produksjon av sjokolade, honning og sukkervarer". Det er inga avgrensing på kor mykje, eller kor, du kan selje honning som registrert verksemd.
Slik gjer du
Registrering av næringsmiddelverksemd
Du skal vere registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du importerer, håndterer, lagrar eller omset næringsmiddel.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynet si skjemateneste.
Skjemaet skal også brukast dersom du vil utvide aktiviteten i ei allereie eksisterande verksemd og starte med ein ny aktivitet som ikkje er registrert.
Advarselsmerking av honning
For honning er det eit særskilt merkekrav.
Det skal gå klart fram at barn under 12 månader ikkje må få honning.
Særlege merkekrav til honning
Honning skal merkast med geografisk opphav, det vil seie namnet på det eller dei landa der honningen er hausta.
Honningen kan også merkast med distriktet eller området honningen kjem frå, for eksempel "fjellhonning" eller "honning frå Lyngdal".
Dersom honningen er blanda, kan honningen merkast med:
"Blanding av honning frå EU"
"Blanding av honning frå land utanfor EU"
"Blanding av honning frå land i og utanfor EU"
I denne samanheng blir Noreg rekna som eit land utanfor EU.
Honning inneheld pollen som kan gi indikasjon på om han faktisk kjem frå landet som er angitt. Det blir gjennomført tilsyn for å avdekkje om dette er riktig.
Det er i strid med regelverket dersom "industrihonning" eller "bakehonning" blir selt som "honning".
Kvalitetskrav
Det er spesifikke krav til om du kan kalle eit produkt honning og selje det til forbruker som dette, og det er kvalitetskrav til honning.
Honning som har vært utsett for gjæring er eit eksempel på slik nedklassifisering. Honning kan bli gjæra dersom vanninnhaldet i honningen er for høgt eller birøktaren bruker om igjen tavler med gjæra honningrestar. Les meir om dette i honningforskrifta. Honning av lågare kvalitet skal kallast "bakehonning" eller "filtrert honning".
Uønskte stoff i honning
Produsentar og næringsverksemder har ansvar for at honningen dei omset er trygg.
Honningen skal ikkje innehalde forureinande stoff (f.eks. bly) over gitte grenseverdiar, forbodne stoff eller restmengder av veterinærpreparat over fastsette grenseverdiar. Som produsent eller næringsmiddelverksemd skal de syrgje for og sikre at honningen ikkje inneheld uønskte stoff gjennom internkontrollsystema dykkar.