Særlege merkekrav til honning
Honning skal merkast med geografisk opphav, det vil seie namnet på det eller dei landa der honningen er hausta.
Honningen kan også merkast med distriktet eller området honningen kjem frå, for eksempel "fjellhonning" eller "honning frå Lyngdal".
Dersom honningen er blanda, kan honningen merkast med:
"Blanding av honning frå EU"
"Blanding av honning frå land utanfor EU"
"Blanding av honning frå land i og utanfor EU"
I denne samanheng blir Noreg rekna som eit land utanfor EU.
Honning inneheld pollen som kan gi indikasjon på om han faktisk kjem frå landet som er angitt. Det blir gjennomført tilsyn for å avdekkje om dette er riktig.
Det er i strid med regelverket dersom "industrihonning" eller "bakehonning" blir selt som "honning".
Sjå generelle krav til merking av mat
Regelverk
Forskrift om honning
Kilde: Lovdata.no