Nye marine artar
Døme på nye marine artar er tang og tare til bruk til mat, fôr, gjødsel og kosmetikk, sjøpølse til bruk som mat, og sekkdyr (også kalla sjøpung og tunikatar) til bruk i fôr.
Innhald på denne sida
Mattilsynets ansvarsområde innanfor nye marine artar/produkt:
- Næringsmiddel
- Fôrvarer
- Gjødsel
- Plantevernmiddel
- Kosmetikk
- Primærproduksjon (oppdrett, villhausting) av produkt som skal brukast til områda som er nemnde over
Registrering av virksomhet
Når du dyrker, høster og produserer mat av tang og tare for omsetning, skal du være registrert hos Mattilsynet. Regelverket stiller også krav til at du holder oss oppdatert om virksomheten din.
Selv om du har fått sertifisering av Debio som økologisk produsent, må du registrere deg hos Mattilsynet.
Les mer om hvordan du skal registrere deg
Slik gjer du
Registrering av næringsmiddelvirksomhet
Du skal være registrert eller godkjent hos Mattilsynet om du produserer, importerer, håndterer, lagrer eller omsetter næringsmidler.
Du registrerer deg ved å bruke skjemaet "Ny matbedrift og/eller import, produksjon og engrossalg av matkontaktmaterialer" i Mattilsynets skjematjeneste.
Skjemaet skal også brukes dersom du vil utvide aktiviteten i en allerede eksisterende virksomhet og starte med en ny aktivitet som ikke er registrert.
Nokre produkt kan i utgangspunktet vere forbodne å omsetje
"Ny mat" er næringsmiddel som ikkje i vesentleg grad har vorte brukte til konsum hos menneske i Noreg eller dei andre EU/EØS-landa før 15. mai 1997.
Døme på produkt som er godkjende som ny mat, er nyutvikla næringsmiddel som fosfolipider isolert frå kril. Artar som sjøpølse og trøffeltang kan også vere ny mat. Les meir om ny mat
Ny mat-forskrifta krev at ny mat skal vere førehandsgodkjend før omsetning. Det er forbode å omsetje ny mat utan godkjenning. Visse artar eller produkt til bruk i næringsmiddel kan derfor vere forbodne per i dag.
Det er den som skal omsetje eit næringsmiddel, som skal bevise om eit næringsmiddel er ny mat eller ikkje. For å bevise at eit næringsmiddel ikkje er ny mat, må ein kunne leggje fram dokumentasjon på at det aktuelle næringsmiddelet eller ingrediensen har vore brukt til humant konsum i eit eller fleire EU/EØS-land før 15. mai 1997. Viss ein er usikker etter å ha vurdert tilgjengeleg informasjon, kan ein kontakte det medlemslandet der ein først har til hensikt å omsetje næringsmiddelet. Ein må skaffe den informasjonen som er nødvendig for at medlemslandet kan avgjere ny mat-status.
I Noreg er det Mattilsynet som er ansvarleg styresmakt for å avgjere ny mat-status ved formelle førespurnader etter konsultasjonsprosessen. Slike førespurnader om ny mat-status skal rettast til og behandlast av Mattilsynets hovudkontor.
Eit anna regelverk som kan vere aktuelt, gjeld restriksjonar på bruk av protein av animalsk opphav i fôr: Bruk av dyr frå havet som fôr til matproduserande dyr.
I tillegg gjeld resten av regelverket under Mattilsynets ansvarsområde – spesielt aktuelt her er matlova, men også dyrevelferdslova og kosmetikklova kan komme til bruk.
Tilpassingar og endringar av regelverk er mogleg, men slike prosessar kan ta lang tid, og vil krevje eit godt kunnskapsgrunnlag.
Eksport til marknader utanfor EU/EØS
Viss de skal eksportere nye marine artar til land utanfor EU/EØS, treng de ofte helsesertifikat.
Å forhandle fram eit eit helsesertifikat krev forhandlingar, utfylling av spørjeskjema og inspeksjonar. De som verksemd må sjølv finne ut kva styresmaktene i importlandet krev av sertifikat. Arbeidet med utvikling av eksportdokument og anna kan vere svært tidkrevjande prosessar.
Tang og tare
Mattilsynet skal leggje til rette for hausting og oppdrett av nye artar, med tang og tare som prioriterte artar, med sikte på å utvikle tilrettelagt regelverk og tilsyn.