Import av økologiske varer frå tredjeland
Alle vareparti av økologiske landbruksvarer og næringsmiddel frå land utanfor EØS-området skal kontrollerast ved import.
Felles for både animalske og vegetabilske økologiske produkt er at det trengst eit økologisertifikat (certificate of inspection – COI) i tillegg til annan dokumentasjon. Det er eit krav om at importør melder forventa innkomst av varepartiet seinast ein arbeidsdag før framkomst. Slik melding skal gjerast i Traces.
Slik behandlar du elektroniske sertifikat i TRACES
Mattilsynet godkjenner importsertifikatet (COI) før varepartiet kan omsetjast som økologisk. I tillegg til dokumentasjonskontrollen i Traces blir det gjennomført risikobasert identitets- og fysisk kontroll av eit risikobasert utval av økologiske vareparti. Mattilsynets risikovurdering er avhengig av vare, importør, eksportør, land og kontrollorgan. Dette er felles for både animalske og vegetabilske økologiske produkt.
Det er krav om kontroll av økologiske produkt over grensekontrollstasjon når tilsvarande ikkje-økologiske produkt er grensekontrollpliktige. For grensekontrollpliktige økologiske vareparti skal heile økologikontrollen og generell grensekontroll bli gjennomført på grensekontrollstasjon.Økologiske vareparti som ikkje er grensekontrollpliktige, kan kontrollerast av Mattilsynet når varepartiet kjem til førstemottakar, men før varepartiet kan omsetjast som økologisk.
I økologiregelverket er det regulert frå kva tredjeland økologiske produkt kan importerast, og kva kontrollorgan og styresmakter som kan kontrollere slike produkt.
Forsterka kontrolltiltak for visse importerte økologiske matvarer i 2025
Nokre importerte økologiske matvarer skal kontrollerast ekstra før varene kan omsettast i Noreg. Bakgrunnen for tiltaka er at dei utvalde varegruppene har vist ein høgare risiko for innhald av plantevernmiddelrestar. Produkta som er omfatta av dei forsterka kontrolltiltaka skal ikkje omsettast som økologisk vare før det finst eit negativt analysesvar for restar av plantevernmiddel.
Varegrupper og opphavsland
Mattilsynet skal utføre dokumentkontroll og prøvetaking når Noreg er første mottakarland i EØS-området av følgande varegrupper og opphavsland.
Row | Country of origin | Product | CN code(s) | Taric subheadings (where applicable) | Percentage of consignments subject to checks and sampling in Member States |
---|---|---|---|---|---|
1 | China | Ginger | 0910 11 00 2006 00 10 | 10% | |
11 | Peru | Bananas | 0803 90 11 0803 90 19 | 5% | |
12 | Peru | Ginger | 0910 11 00 | 10% | |
14 | Tunisia | Dates | 0804 10 00 ex1106 30 90 | 10% |
Om gjennomføring av kontrollen
Prøvetakinga blir gjennomført av Mattilsynet dersom prøvetakinga blir gjennomført når partiet kjem til Noreg. Mattilsynet aksepterer og prøvetaking under omlasting i eit EU-land, føresett at Mattilsynet kan kontrollere at prøvetaking, analyselaboratorium og analysedokument oppfyller krava i avsnittet til EU-retningslinja 4. I slike tilfelle må importør dekke analysekostnadene sjølv. Prøvetaking ved omlasting i eit tredjeland blir ikkje akseptert.
Utgiftene til analyse blir dekte av Mattilsynet ved svarfrist på tre veker. Dersom verksemdene ønsker raskare svar enn tre veker, må dei stå for ekstra kostnadene dette utgjer.
EUs retningslinje for forsterka kontroll
Retningslinja blir også følgd av Noreg. Sjå: Trade - European Commission (europa.eu), dokumentet “Working document on additional official controls on products originating from certain third country”.
Frå 2026 ventar vi at dei forsterka kontrolltiltaka vil bli tatt inn i økologiregelverket.
Regelverk
Økologiforskriften
§ 19. Import
Kilde: Lovdata.no