Forureinande stoffar – krav i regelverket

Regelverket knytt til forureinande stoff i næringsmiddel finn vi i matlova og forskrifter som er heimla i matlova.

Publisert

Viktige paragrafar i matlova

§ 1. Formål

Formålet med lova er å sikre helsemessig trygge næringsmiddel og framme helse, kvalitet og forbrukaromsyn langs heile produksjonskjeda, og dessutan vareta miljøvennleg produksjon.

§ 5. Etterlevingsplikt og systematiske kontrolltiltak

Verksemda skal sørge for at relevante føresegner gitt i eller i medhald av denne lova blir etterlevde. Kongen kan gi forskrifter om kven som er ansvarleg i verksemda, og om plikt til å gi melding om dette til tilsynsmyndigheita.

§ 16. Næringsmiddeltryggleik

Det er forbode å omsette næringsmiddel som ikkje er trygt. Eit næringsmiddel skal reknast for ikkje å vere trygt dersom det blir betrakta som helseskadeleg eller ueigna for konsum.

§ 27. Informasjon til allmenta

Ved mistanke om at det kan oppstå fare for mennesker elles dyr si helse knytt til inntak av næringsmiddel eller fôr, skal tilsynsmyndigheita på eige initiativ gi folk relevant informasjon som ho har.

Tre viktige forskrifter

Det er tre viktige forskrifter som regulerer forureinande stoff i næringsmiddel:

  • Forskrift om næringsmiddelhygiene
  • Forskrift om visse forurensende stoffer i næringsmidler
  • Forskrift om tiltak mot akrylamid i næringsmidler

I samsvar med forskrift om næringsmiddelhygiene skal all mat som blir omsett, tilfredsstille regelverket. Dette gjeld for eksempel føresegner om styringa i verksemdene av kjemiske farar, men også føresegner om grenseverdiar for visse forureinande stoff. Dette har alle involverte aktørar ansvaret for. Alle verksemdene er også underlagt offentleg kontroll (tilsyn) og må legge fram for Mattilsynet kva vurderingar som er gjorde og kva tiltak som er sett i verk for å nå måla om trygge produkt.

I forskrift 3. juli 2015 nr. 870 om visse forurensende stoffer i næringsmidler finn vi grenseverdiane. Det er fastsett øvre grenseverdi for plantegifter (nitrat, ergotalkaloider, osb.),  mykotoksin (aflatoksin, okratoksin osb.), miljøgifter (tungmetall, PFAS, dioksin osb.) og prosessframkalla stoff (PAH, glysidylestere osb.). For akrylamid, som også er eit prosessframkalla stoff, er det sette referanseverdiar.

Grenseverdien gjeld for etande del. Grenseverdien er sett for rått, ufortynna, ubehandla materiale. Når grenseverdien skal brukast, må det takast omsyn til endringar i konsentrasjonar på grunn av tørking, fortynning bearbeiding og bidrag frå ulike ingrediensar

Næringsmiddel som ikkje overheld grenseverdiane, kan ikkje fortynnast. Det betyr at dei ikkje kan blandast med andre næringsmiddel, sjølv om sluttproduktet ikkje har høge nivå. 

Sjølv om det ikkje er sett grenseverdi for alle moglege forureinande stoff,  som for eksempel bromerte flammehemmarar og furaner, er det krav om at næringsmiddelet skal vere trygt (matloven § 16). 

I forarbeida til matlova blir omgrepet "helsemessig trygg mat" brukt om mat som ikkje inneheld farlege stoff i mengder som kan vere helseskadelege. Men om maten er trygg blir ikkje berre bestemt av innhaldet av farlege stoff, men også av kor mykje ein et av slik mat, og kor store mengder farlege stoff ein derfor blir eksponert for gjennom maten. 

Når det er fastsett øvre grenseverdiar, er det likevel ikkje slik at mat som overstig grenseverdien er utrygg, mens mat som inneheld farlege stoff under ein slik verdi er trygg. Ein grenseverdi er sett for å bidra til å redusere eksponering for farlege stoff gjennom mat.

Etterleving av reglane om øvre grenseverdiar hindrar at mat med høgt innhald av farlege stoff når fram til forbrukar og er dermed eit viktig ledd i å redusere eksponeringa for farlege stoff.

Veileder om kjemiske forurensninger i mat (dansk, PDF)

Regelverk

Matloven

§ 1. Formål

Formålet med loven er å sikre helsemessig trygge næringsmidler og fremme helse, kvalitet og forbrukerhensyn langs hele produksjonskjeden, samt ivareta miljøvennlig produksjon.
Loven skal videre fremme god plante- og dyrehelse.
Loven skal også ivareta hensynet til aktørene langs hele produksjonskjeden, herunder markedsadgang i utlandet.

§ 5. Etterlevelsesplikt og systematiske kontrolltiltak

Virksomheten skal sørge for at relevante bestemmelser gitt i eller i medhold av denne loven etterleves. Kongen kan gi forskrifter om hvem som er ansvarlig i virksomheten, og om plikt til å gi melding om dette til tilsynsmyndigheten.
Kongen kan gi forskrifter om plikt til å etablere og gjennomføre systematiske kontrolltiltak.

§ 16. Næringsmiddeltrygghet

Det er forbudt å omsette næringsmiddel som ikke er trygt. Et næringsmiddel skal anses for ikke å være trygt dersom det betraktes som helseskadelig eller uegnet for konsum.
Kongen kan gi nærmere forskrifter om når et næringsmiddel anses for ikke å være trygt.

§ 27. Informasjon til allmennheten

Ved mistanke om at det kan oppstå fare for menneskers eller dyrs helse knyttet til inntak av næringsmidler eller fôr, skal tilsynsmyndigheten på eget initiativ gi allmennheten relevant informasjon som den er i besittelse av.
Tilsynsmyndigheten kan videre gi relevant informasjon til allmennheten når forbruker- eller andre samfunnshensyn taler for det.
Kongen kan gi forskrifter om informasjon til allmennheten.
Se heile lova

Kilde: Lovdata.no

Forskrift om visse forurensende stoffer i næringsmidler