Endringar i regelverket for plantevernmiddelrestar
Mattilsynet fastsette 9. desember 2024 endringar i forskrift 18. august 2009 nr. 1117 om restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôrvarer. Forskrifta endrar fleire grenseverdiar (MRL) for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôrvarer.
Følgande grenseverdiar blir endra:
- grenseverdiar for Pythium oligandrum strain M1, Trichoderma atroviride strain AGR2 og Trichoderma atroviride strain AT10, forordning 2024/246 (PDF)
- grenseverdiar for ditianon, forordning 2024/1314 (PDF)
- grenseverdiar for protiokonazol, forordning 2024/1318 (PDF)
- grenseverdiar for benzovindiflupyr, klorantraniliprol, emamektin, kvinklorak, spiromesifen, og triflumuron, forordning 2024/1355 (PDF)
Iverksetting
Grenseverdiane gjeld allereie i EU og vil gjelde i Noreg umiddelbart etter at endringsforskrifta er fastsett.