Grenseverdiar for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôr
Grenseverdiane for restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôr er fastsette i forskrift om restar av plantevernmiddel i næringsmiddel og fôrvarer (plantevernmiddelrestforskrifta).
Noreg har felles regelverk med EU for plantevernmiddelrestar i næringsmiddel og fôr. Plantevernmiddelrestforskrifta er ei tilvisingsforskrift som i § 1 i gjennomfører EUs plantevernmiddelrestforordning 396/2005 i norsk regelverk. Noreg fastset fortløpande forordningar som endrar EUs plantevernmiddelrestforordning når desse er blir tatte inn i EØS-avtalen.
Grenseverdi
Grenseverdi (MRL = Maximum Residue Level) er det høgaste tillatne restinnhaldet av plantevernmiddelrestar. Grenseverdiane gjeld uavhengig av om produktet blir brukt som næringsmiddel eller fôr.
Grenseverdiar for restar av plantevernmiddel er angitt i vedlegga til plantevernmiddelrestforskrifta. Grenseverdiane som er fastsette, gjeld som regel for heile produktet uavhengig av om skalet blir ete eller ikkje. Derfor blir heile frukt og grønsaker analyserte med skal. Kva delar som er omfatta av grenseverdien og da skal analyserast for kvart produkt, er oppgitt i vedlegg I til forordning 396/2005 (EU forordning 2018/62) som er fastsett i plantevernmiddelrestforskrifta.
Noreg har ikkje lenger nokon eigen database med grenseverdiar, og funn blir først sjekka mot gjelda grenseverdi i EU. Laboratoriet hentar grenseverdiane frå EU pesticides database.
EU pesticides database
Grenseverdiar for plantevernmiddelrestar som er gjeldande i EU kan du ved enkle søk finne i EU Pesticides database. Her kan du finne endringar i grenseverdiane MRL for kvar enkelt kombinasjon av plantevernmiddel og produkt og sjå kva forordning som sist endra grenseverdien. Ver merksam på at det står eit atterhald i denne databasen om at han kan innehalde feil. Grenseverdiar som finst i databasen bør derfor også sjekkast i regelverket.
EUs oversikt over grenseverdiar for plantevernmiddel i mat
Viss det er funn over gjeldande EU MRL, må det også undersøkast om gjeldande grenseverdi i EU er fastsett inn i norsk regelverk. Det vil i dei aller fleste tilfella vere den same gjeldande grenseverdien i Noreg og EU, men det kan vere tilfelle der grenseverdien nyleg er endra i EU der denne enda ikkje er tatt inn i norsk regelverk. Ved å sjå om forordninga er oppført i plantevernmiddelrestforskrifta (§1) på Lovdata kan du enkelt sjekke om gjeldande EU-forordning er fastsett i norsk regelverk eller ikkje. Her finn du også norske omsettingar av endringsforordningane.
Standardgrenseverdien
Der det ikkje er fastsett nokon annan risikovurdert grenseverdi for eit plantevernmiddel (aktivt stoff) gjeld det ein standardgrenseverdi (føre-var) grenseverdi på 0,01 mg/kg.
Artikkel 18, pkt. 1b i EU-forordning nr. 396/2005 (plantevernmiddelrestforskrifta §1, Artikkel 18, pkt. 1b) gir heimel for at det gjeld ein standardgrenseverdi på 0,01 mg/kg for plantevernmiddel/produkt der det ikkje er fastsett ein annan risikovurdert grenseverdi (MRL).