Liten risiko for plantevernmiddelrestar gjennom drikkevatn
I rapporten blir det konkludert med at det ikkje er grunn til å forvente at det nivået av plantevernmiddelrestar i grunnvassbrønnar og drikkevatn som er målte utgjer ein helserisiko, verken for stoffa enkeltvis eller i kombinasjon.
Prosjektet er finansiert over Landbruks- og matdepartementets handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel.
- Kva blei undersøkt?
På oppdrag frå Mattilsynet har Folkehelseinstituttet vurdert kva inntak av plantevernmiddel gjennom drikkevatn kan bety i form av moglege kroniske helseeffektar.
- Kva er vurderinga?
Rapporten viser at det ikkje er grunn til å forvente at inntak av plantevernmiddelrestar i dei konsentrasjonane som er funne i grunnvassbrønnar og drikkevatn kan gi helseskade. Dette gjeld både for plantevernmiddelrestane sett kvar for seg, og for stoffa når dei ligg føre i kombinasjon (såkalla coctaileffekt). Denne konklusjonen er basert på berekna dagleg eksponering for plantevernmiddelrestar via drikkevatn i forhold til EUs opplysingar om akseptabelt dagleg inntak (ADI), både for barn og for vaksne.
Det er likevel utrykt bekymring over funn av plantevernmiddelrestar i grunnvassbrønnar i nivå som overstig drikkevassgrensa på 0,1 μg/L. Det er vidare påpeika at det ikkje eksisterer noka systematisk overvaking av restar av plantevernmiddel i drikkevatn verken frå brønnar eller vassverk og heller ikkje noko system for innrapportering av analysedata. Rapporten foreslår at det bør vurderast om regelverket bør endrast med omsyn til dette.
Vidare blir det påpeika at det er avgrensa kunnskap om kva metabolittar som kan finnast att i grunnvatn og overflatevatn. Metabolittar er nedbrytningsprodukt. Plantevernmiddel blir brotne ned og det kan dannast fleire ulike stabile metabolittar. Det er likevel relativt få metabolittar som er med i søkespekteret når prøvene blir analyserte.
- Offentleggjort