Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel
Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2022
Overvakingsprogrammet består av to delar; EU-koordinert kontrollprogram og nasjonalt kontrollprogram.
- Kva blei undersøkt?
1142 prøver av frukt, grønsaker, bær, andre vegetabilske produkt, inkludert foredla produkt og animalske produkt frå landdyr.
151 prøver av økologiske produkt.
I den EU-koordinerte delen av kontrollprogrammet, der produkta blir rullerte i treårig syklus, blei det kontrollert bygg/byggmjøl, eple, fersken/nektarin, havre/havremjøl, hovudkål, jordbær, salat, spinat, tomat, vin, kumjølk, svinefeitt og barnemat.
Prøveuttaket var relativt jamt fordelt mellom produkt produsert i Noreg, EU/EØS og land utanfor EU/EØS.
- Tidsrom
- 2022
- Kva leita vi etter?
Vegetabilske produkt blei analyserte for 379 stoff (plantevernmiddelrestar og metabolittar), ved bruk av to multimetodar. Somme prøver blei analyserte med spesialmetodar, der det berre blir søkt etter eitt eller nokre få plantevernmiddel (totalt 61 stoff).
- Kva fann vi?
Det blei påvist restar av plantevernmiddel i 40 % av dei norske produkta, i 70 % av produkta frå EU/EØS og i 63 % av produkta frå land utanfor EU/EØS.
Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 40 prøver (3,5 %). Av desse blei 28 prøver (2,5 %) vurderte til å vere overskridingar etter korrigering for måleusikkerheit.
Det var overskridingar i to prøver av norske produkt (grønkål), i to prøver i produkt frå EU/EØS (spinat og kvitvin) og i 24 prøver frå land utanfor EU/EØS (avokado, bordoliven i lake, bønner med belg, erter med belg, ingefærrot, kvede, måla koriander, mandel, paprika, pærer, ris, rosiner, te og vårløk).
Overskridingane i produkt frå Noreg og EU/EØS, blei vurderte å ikkje utgjere nokon helsefare for forbrukar. 14 av overskridingane i produkt frå land utanfor EU/EØS blei det vurdert å kunne medføre akutt helsefare for forbrukar.
I to økologiske produkt blei det funne restar av plantevernmiddel som ikkje er tillatne å bruke i økologisk produksjon (kvitløk frå Spania og tomat frå Noreg).
- Kven utførte oppdraget?
NIBIO
- Fil
- Rapport_Rester av plantevernmidler i næringsmidler 2022 (PDF)
Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2021
- Kva blei undersøkt?
1107 prøver av frukt, grønsaker, bær, andre vegetabilske produkt, inkludert foredla produkt og animalske produkt frå landdyr. 119 prøver av økologiske produkt.
- Tidsrom
- 2021
- Kva leita vi etter?
Vegetabilske produkt blei analyserte for 367 stoff (plantevernmiddelrestar og metabolittar) ved bruk av to multimetodar. I tillegg blei enkelte av prøvene analyserte med spesialmetodar der det berre blir søkt etter eitt eller nokre få plantevernmiddel (totalt 58 stoff). Totalt blei det analysert for 425 ulike stoff i vegetabilske produkt.
- Kva fann vi?
Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt:
- Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 39 prøver (3,5 %). Av desse blei 24 prøver (2,2 %) vurderte til å vere overskridingar etter korrigering for måleusikkerheit.
- Ingen funn over grenseverdi i norske produkt.
- 68 % av prøvene av norske produkt var heilt utan funn av plantevernmiddelrestar. 35 % av prøvene frå EU/EØS var utan funn, og 30 % av prøvene frå resten av verda.
- Overskridingane av grenseverdi var i appelsinar, bladpersille, bringebær, tørka bønner, chilipepar, fersken, kveitemjøl, kirsebær, litchi, mandarinar, pomelo, ris, spinat, stjernefrukt og vårløk.
- I to økologiske produkt blei det funne restar av plantevernmiddel som ikkje er tillatne å bruke i økologisk produksjon. Det var éi overskriding av grenseverdi for klorpyrifos i eit parti økologiske sesamfrø, som blei vurdert å kunne medføre akutt helsefare for forbrukar. Det andre funnet blei vurderte å komme av uunngåeleg forureining, og var derfor ikkje var eit brot på økologiregelverket.
- Kven utførte oppdraget?
NIBIO
- Fil
- Rapport - Plantevernmiddelrester i næringsmidler 2021 (PDF)
Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2020
- Kva blei undersøkt?
Ferske, frosne og prosesserte matvarer.
- Tidsrom
- 2020
- Kva leita vi etter?
Restar av 353 ulike verksame stoff frå plantevernmiddel.
- Kva fann vi?
Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt:
- Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 27 prøver (2,4 %). Av desse blei 17 prøver (1,5 %) karakteriserte som overskridingar.
- To av prøvene med overskridingar kom frå Noreg (kruspersille og stongselleri), mens éi prøve av pærer og éi prøve av sharon-frukt kom frå EU/EØS-land. Dei resterande 13 prøvene (tørka bønner, klementinar, pasjonsfrukt, ris, te, timian og tomat) var importerte produkt frå tredjeland.
- I det totale overvakingsprogrammet (utan økologiske produkt) var vel 50 % av prøvene utan plantevernmiddelrestar.
- For frukt blei det påvist restar av plantevernmiddel i 70 % av prøvene.
- For bær blei det påvist restar av plantevernmiddel i 89 %. Det var ingen funn over grenseverdi.
- For grønsaker blei det påvist restar av plantevernmiddel i 45 % av prøvene.
- For urter blei det påvist restar av plantevernmiddel i 42 % av prøvene.
- I økologiske produkt blei det påvist restar av plantevernmiddel som ikkje er tillatne å bruke i økologisk produksjon i to av 167prøver.
- I barnemat blei det ikkje påvist restar av plantevernmiddel.
- I animalske produkt (feitt frå fjørfe og storfelever)
- blei det ikkje påvist restar av plantevernmiddel
- Det høgaste talet funn i ein og same prøve blei funne i rosiner frå Tyrkia. Den inneheldt restar av 15 ulike plantevernmiddel. Berekningsmodell for vurdering av fleire plantevernmiddel i ei prøve viste at prøva blei vurdert trygg å ete.
- Hausten 2020 blei det funne høge verdiar av etylenoksidinnhald i sesamfrø importert frå India. Dette førte til tilbaketrekking/ tilbakekalling av store mengder sesamfrø og produkt der sesamfrø har vore brukt.
- Rapporten er utarbeidd av Mattilsynet og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), juni 2021.
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet og NIBIO
- Fil
- Rapport - Plantevernmidler i næringsmidler 2020 (PDF)
Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2019
- Kva blei undersøkt?
Ferske, frosne og prosesserte matvarer.
- Tidsrom
- 2019
- Kva leita vi etter?
Restar av 350 ulike verksame stoff frå plantevernmiddel.
- Kva fann vi?
Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt.
-
Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 23 prøver (2,1 %). Av desse blei 14 prøver (1,3 %) karakteriserte som overskridingar. To av prøvene med overskridingar kom frå EU/EØS-land, mens dei resterande 12 prøvene kom frå land utanfor EU/EØS.
-
I det totale overvakingsprogrammet (utan økologiske produkt) blei det for frukt påvist restar av plantevernmiddel i 80 % av prøvene, og 2,3 % (7 prøver) hadde funn over grense-verdi. Av desse blei fire av prøvene karakteriserte som overskridingar.
-
For bær blei det påvist restar av plantevernmiddel i 74 %. Det var ingen funn over grenseverdi.
-
For grønsaker blei det påvist restar av plantevernmiddel i 48 % av prøvene, og 2,0 % (10 prøver) viste funn over grenseverdi. Av desse var 5 prøver overskridingar.
-
For urter blei det påvist restar av plantevernmiddel i 50 % av prøvene, og 15 % (3 prøver) inneheldt funn over grense-verdi, som også blei definert som overskridingar.
-
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet og NIBIO
- Fil
- Rapport_ Overvåkingsresultater for plantevernmidler i næringsmidler 2019 (PDF)
Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2018
Varene var både norske og frå EU-området. Det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 25 prøver (2,2 %). Av desse blei 17 prøver (1,5 %) karakteriserte som overskridingar. Det var ingen funn over grenseverdi i prøver av norske næringsmiddel.
- Kva blei undersøkt?
1155 prøver av ferske, fraus og prosesserte matvarer.
- Tidsrom
- 2018
- Kva leita vi etter?
Restar av 350 ulike verksame stoff frå plantevernmiddel.
- Kva fann vi?
Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt.
- I det totale overvakingsprogrammet (utan økologiske produkt) blei det for frukt påvist restar av plantevernmiddel i 72 % av prøvene, og 2,8 % (10 prøver) hadde funn over grenseverdi. Av desse blei seks av prøvene karakteriserte som overskridingar.
- For bær blei det påvist restar av plantevernmiddel i 81 %, og éi prøve viste funn over grenseverdi.
- For grønsaker blei det påvist restar av plantevernmiddel i 48 % av prøvene, og 1,9 % (9 prøver) viste funn over grenseverdi. Av desse var sju prøver overskridingar.
- For urter blei det påvist restar av plantevernmiddel i 50 % av prøvene, og ei prøve inneheldt funn over grenseverdi, som også blei karakterisert som ei overskriding.
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet og NIBIO
- Fil
- Rapport_ Overvåkingsresultater for plantevernmidler i næringsmidler 2018 (PDF)
Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2017
Analyseresultata for alle prøver i 2017 viste at det blei påvist restar av plantevernmiddel over grenseverdi i 17 prøver (1,3 %). Av desse blei 14 prøver (1,1 %) rekna som overskridingar. Det var ingen funn over grenseverdi i norske prøver.
- Kva blei undersøkt?
1283 prøver av ferske, fraus og prosesserte matvarer.
Dette omfatta 101 ulike vareslag av frukt, grønsaker, barnemat, animalske produkt, korn/ris og andre næringsmiddel frå 60 ulike land.
- Tidsrom
- 2017
- Kva leita vi etter?
Restar av plantevernmiddel, og funn av plantevernmiddelrestar over dei fastsette grenseverdiane i dei undersøkte matvarene.
- Kva fann vi?
Innhaldet av plantevernmiddelrestar i norske næringsmiddel er lågt.
- Det var ingen funn av plantevernmiddelrestar over grenseverdi i norske prøver.
- Det blei funne plantevernmiddel over grenseverdi i 17 prøver (1,3%). 12 av desse var frå land utanfor EU/EØS.
- Etter at analyseusikkerheita blei trekt frå, blei 14 av desse prova (1,1 %) rekna som overskriding.
- Det blei påvist restar av fleire enn eitt plantevernmiddel i 34 % av prøvene. I éi prøve av rosiner frå Tyrkia blei det funne restar av 16 ulike plantevernmiddel, men ingen av funna var over grenseverdien. Av norske produkt var det to prøver av jordbær med restar av 9 ulike plantevernmiddel i same prøve. Ingen av prøvene hadde funn over grenseverdien.
- Det blei påvist restar av totalt 132 ulike plantevernmiddel. Det er soppmidlane boskalid, fludioksonil og imazalil som blei hyppigast påvist.
- Det blei påvist glyfosat i 8 av 13 byggprøver, alle frå Noreg.
- Det blei ikkje påvist restar av plantevernmiddel i barnemat og animalske produkt.
- Av 95 økologiske prøver, blei to prøver følgt opp. Det eine tilfellet kom av avdrift frå konvensjonelle naboeigedommar og det andre tilfellet kom av manglande reingjering ved eit prosesseringsanlegg.
Resultata frå overvakinga viser at det er ein nedgang i talet på overskridingar i forhold til 2016. Det er berre meldt inn éi prøve i EUs rapporteringssystem for helsefarlege funn i matvarer (RASFF).
Dette er det lågaste talet av helsefarlege funn som er påvist i perioden 2014 til 2017.
Tal- og prøvegrunnlaget varierer likevel frå år til år. Det er derfor naturleg at det kan vere variasjonar innanfor dei nivåa som er påviste.
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet og NIBIO
- Fil
- Rapport_Rester av plantevernmidler i næringsmidler 2017 (PDF)
Restar av plantevernmiddel i næringsmiddel 2016
- Kva blei undersøkt?
- 1326 prøver av ferske, frosne eller foredla matvarer.
- Dette omfatta 111 ulike vareslag av frukt, grønsaker, barnemat, animalske produkt, korn/ris og andre næringsmiddel frå 57 ulike land.
- Tidsrom
- 2016
- Kva leita vi etter?
Restar av plantevernmiddel, og funn av plantevernmiddelrestar over dei fastsette grenseverdiane i dei undersøkte næringsmidla.
- Kva fann vi?
- Det blei funne plantevernmiddel over grenseverdi i 45 prøver (3,4 %). 31 av desse var frå land utanfor EU.
- Etter at analyseusikkerheita blei trekt frå, blei 28 av desse 45 prøvene (2,1 %) rekna som overskriding.
- I to prøver av norske jordbær blei det påvist overskriding av tolylfluanid. Begge prøvene var produserte på same gard og plantevernmiddelet var brukt ulovleg. Dette førte til at lisensen for å kunne bruke sprøytemiddel blei trekt tilbake for to år.
- Det blei påvist restar av fleire enn eitt plantevernmiddel i 35 % av prøvene. Av norske produkt var det tre prøver av jordbær med restar av sju ulike plantevernmiddel.
- Det blei ikkje påvist restar av plantevernmiddel i prøver av barnemat og i prøver av animalsk opphav.
- Det blei ikkje påvist glyfosat i rugprøver.
- Det blei analysert 111 prøver av økologiske produkt.
- Det blei påvist funn av spinosad i salat frå Spania og spinat frå Italia. Spinosad er eit godkjent verkestoff i økologisk produksjon.
- Det blei også påvist funn av benzalkonium klorid (BAC) over gjeldande grenseverdi i ei prøve av salat frå Italia.
Talet på overskridingar er høgare i 2016 enn dei siste åra, men ein viss variasjon frå år til år reknar Mattilsynet for å vere normalt. Vi vil likevel følge utviklinga for å sjå om auken frå 2015 til 2016 er av tilfeldig karakter.
- Kven utførte oppdraget?
Mattilsynet og NIBIO
- Fil
- Rapport_ Rester av plantevernmidler 2016 (PDF)