Spørsmål og svar om restar av plantevernmiddel i mat
Mattilsynet får jamleg førespurnader frå forbrukarar om tema innan restar av plantevernmiddel i mat. Her har vi svart på nokre av dei.
Mattilsynet får jamleg førespurnader frå forbrukarar om tema innan restar av plantevernmiddel i mat. Her har vi svart på nokre av dei.
Mesteparten av plantevernmiddelrestane ein kan finne i appelsinar finst i skalet. Så lenge du ikkje får med restar av skalla så er det svært liten sannsynleg at du får i deg restar av plantevernmiddel som vil medføre helsefare.
Importert frukt med tjukt skal, blant anna sitrusfrukter, blir behandla med plantevernmiddel etter hausting for å hindre ròte eller mugg under lang lagring eller transport. Det skal likevel ikkje vere så store restar av plantevernmiddel at det er nødvendig å gjere noko med matvara før ho blir ete. Likevel rår Mattilsynet alle til å vaske frukt og grønsaker, gjerne i varmt vatn av hygieniske årsaker for å fjerne for eksempel støv og jord.
Appelsinane som fruktjusprodusentane bruker til å lage fruktjus er elles ikkje dei same som blir selt som ”ete-appelsinar” i butikkane. Juice-appelsinane er ikkje sprøyta etter hausting, er lysare i farge og er meir saftig enn dei vi finn i butikken. Appelsinen blir mekanisk skrelt bort før innmaten blir pressa. Det er derfor svært lite restar av plantevernmiddel i appelsinjuice du kjøper i butikken.
Mange, om ikkje alle, ikkje-økologiske appelsinar blir vaksne og sprøyta etter hausting for å forhindre at dei tørkar ut eller mugnar under transporten. Dette er stort sett ikkje eit problem for forbrukarane, sidan appelsinar blir skrelte før dei blir etne. Men skal ein bruke appelsinskalet i maten bør ein skylje skalet i lunka vatn først. Eit alternativ er å bruke økologisk dyrka appelsinar.
Dei appelsinane som blir brukte til å lage fruktjus er ikkje dei same som blir selt som ete-appelsinar i butikkane. Juice-appelsinane er ikkje sprøyta etter hausting, er lysare i farge og er meir saftig enn dei vi finn i butikken.
Appelsinen blir mekanisk skrelt bort før innmaten blir pressa. Det er derfor svært lite restar av plantevernmiddel i appelsinjuice.
Det hender at ein finn restar av fleire plantevernmiddel i same matvare, sidan det blir sprøyta med fleire plantevernmiddel i same kultur. Mange har lurt på kva slags effekt det kan ha – kan fleire plantevernmiddel i blanding gi ein sterkare effekt enn kvart middel kvar for seg?
WHO (Verdshelseorganisasjonen) har fleire gonger vurdert om dei sikkerheitsmarginane som blir lagde inn i grenseverdiane er nok til å ta høgde for dette. Konklusjonen har vore at sikkerheitsmarginane er store nok. WHO og FAO (Food and Agriculture Organization of the United Nations) ser likevel på om dei kan finne ein betre måte å berekne risiko på når ein må ta i betraktning fleire stoff på ein gong. Den europeiske vitskapskomiteen for mattryggleik (EFSA) jobbar også med dette temaet.
Ei dansk gruppe kom med ein rapport om dette emna i 2002 (”Combined actions of pesticides, Fødevaredirektoratet, Fødevarerapport 2002:19). I konklusjonen sin skriv dei at det foreløpig ikkje finst nokon enkel måte å risikovurdere blandingar av plantevernmiddelrestar, og at det må vurderast frå sak til sak. Ei britisk arbeidsgruppe, sett ned av Food Standards Agency, har også sett på dette, og konkluderer i ein rapport at ”helserisikoen ved blanding av låge dosar av plantevernmiddel i mat – den såkalla cocktaileffekten – er sannsynlegvis små. Barn og gravide og ammande kvinner er sannsynlegvis ikkje meir kjenslevare for dette enn resten av befolkninga”. Både den britiske og den danske gruppa understrekar at ennå har vi lite kunnskapar på dette feltet og at meir forsking er nødvendig.
I 2008 la den norske vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) fram rapporten: ”Combined toxic effects of multiple chemical exposures”. VKM konkluderer med at samvirkande effektar i praksis er eit lite problem i Noreg i dag, og at det normalt ikkje kan forventast at helsefarlege kombinasjonseffektar oppstår dersom stoffa blir tatte inn i låge dosar og ved nivå under deira respektive akseptable verdiar. Mattilsynet tolkar dette der at dersom risikobaserte grenseverdiar i regelverket vårt blir overhaldne er det liten grunn til bekymring. Ved høgare eksponeringar er situasjonen ein annan, og ifølge VKM må slike tilfelle vurderast frå sak til sak. Men problemstillinga om kombinasjonseffektar er kompleks og det blir arbeidd vidare med problemstillinga både i FN, i EU og i USA.
I enkelte produkt (m.a. bønner og friske urter frå Asia) har det blitt funne restar av plantevernmiddel som ved stort inntak har kunna representere helsefare. Dette er funn i varer som blir omsette i svært avgrensa omfang slik at ein likevel kan seie at både norsk og importert mat er trygg. Men det er gjennomgåande ein høgare del av importert mat som inneheld restar av plantevernmiddel enn norsk mat. I 2012 blei det påvist restar i 56,7% av dei importerte stikkprøvene som blei testa.
Av norske stikkprøver var 68 % utan påviselege restar. Forskjellen ein ser mellom norsk og importert mat komme av eit kjøligare klima, som gjer at vi slepper ein del skadegjærarar som finst i varmare land. Vidare har vi ei streng godkjenningsordning og dessutan ei generell haldning om å bruke minst mogleg plantevernmiddel i landbruket. Det har ikkje blitt påvist overskridingar av grenseverdiar i norskproduserte produkt dei siste åra.
Noreg undersøker ca 1400 prøver pr år, noko som er på nivå med andre nordiske land. I 2013 blei kvar prøve analysert for ca 320 ulike plantevernmiddel. Analysetida for prøver i Noreg er 10 arbeidsdagar for dei fleste stoffa. Samanlikna med andre land har vi eit godt overvakingsprogram i Noreg.
Dataane frå den norske overvakinga blir send årleg inn til EUs mattryggleiksorgan EFSA, og blir samanlikna med analysedataane frå dei europeiske landa. EFSA gjer vidare inntaksberekningar for heile den europeiske befolkninga, som blir offentleggjord i eigne rapportar.
Dette avheng av fleire ulike faktorar. Dei kjemiske og fysiske eigenskapane til preparatet verkar for eksempel inn på dets evne til å trengje inn i planten og på kor raskt stoffet blir brote ned. Ulike eigenskapar hos dei ulike kulturane som for eksempel morfologi (form, størrelse) og vekst vil også ha ei viss betyding. I tillegg speler også klima inn. Vel så viktig er dosering, talet på behandlingar og tidspunkt for behandling.
Sjansen for å finne igjen restar av eit middel som blir brukt ein gong tidleg på våren mot for eksempel ugras, er betrakteleg mindre enn sjansen for å finne restar av eit preparat som blir påført fleire gonger og seinare i sesongen, som for eksempel soppmiddel i jordbær.
Alle plantevernmiddel skal ha ein godkjent etikett, der blant anna dosering og behandlingstidspunkt er spesifisert, og bonden er forplikta til å følge denne.
Mattilsynet overvaker og analyserer kvart år prøver av frisk frukt, grønsaker, korn, og dessutan behandla næringsmiddel inklusive barnemat.
Det er ein del som trur at overvakingsprogrammet til Mattilsynet går ut på å kontrollere all mat før det hamnar i butikkhyllene. Det er likevel ikkje mogleg å kontrollere alt før det blir lagt ut til sals, sidan analyse av prøvene tar 10 arbeidsdagar og frukt og grønsaker har avgrensa haldbarheit. Mattilsynets kontroll er derfor primært eit overvakingsprogram.
Det er importørane/grossistars ansvar at produkt dei omset ikkje inneheld restar av plantevernmiddel over tillatne grenseverdiar. Dette gjer dei ved å ta ut eigenprøver for analyse, både i løpet av importen og før dei importerer inn større parti.
Mattilsynet tar stikkprøver av eit variert utval av frukt og grønsaker over heile landet for å få informasjon om korleis situasjonen er, for å fange opp problem og eventuelt for å sette inn tiltak. Når vi finn restar som overskrid gjeldande grenseverdi, kan vi stoppe neste parti med tilsvarande vare til prøver frå dette er analysert. Analyselaboratoriet prioriterer da denne eine prøva slik at vi kan få resultatet innan 24 timar. Viser analysane nytt funn over grenseverdien, blir det nedlagt omsetningsforbod for partiet. Viss ikkje, kan partiet gå ut på marknaden. På denne måten fungerer overvakingsprogrammet også i enkelte tilfelle som eit kontrollprogram.
Mattilsynet får ofte førespurnader frå personar som meiner det smaker eller luktar rart av frukt og grønsaker, eller at dei har reagert allergisk ved å ete produkta.
Plantevernmiddel i dei konsentrasjonane vi finn i mat, vil sannsynlegvis ikkje gi lukt eller smak.
Av erfaring finn vi svært sjeldan restar av plantevernmiddel i prøver som er undersøkte på bakgrunn av slike førespurnader. Lukt og smak kan komme frå bakteriar eller andre mikroorganismar eller frå lagring nært inntil for eksempel løysemiddel.
For pollenallergikarar er det viktig å vite at dei kan få ubehag når dei et enkelte matvarer i pollensesongen. Pollenallergikarar kan reagere på ulike typar frukt, bær, grønsaker, nøtter og krydder på grunn av kryssreaksjonar. Ved kryssreaksjonar reagerer kroppen på stoff i maten som liknar på stoff i pollen. Rått eple/gulrot og nøtter er eksempel på matvarer som gir kryssreaksjonar hos mange pollenallergikarar.
Symptoma er ofte kløe i munnen og halsen, og dessutan hovne slimhinner. Somme reagerer berre på matvara i pollensesongen, andre reagerer gjennom heile året. Ofte blir matvarene tolte betre viss dei er kokte, steikte eller skrelte.
Det blir stilt omfattande krav til dokumentasjon med omsyn til plantevernmiddelrestar. Krava er internasjonalt harmoniserte. Kort sagt trengst følgande dokumentasjon:
Metabolismestudiar krevst utført på plantar (frukt og bær, grønsaker og korn) og på husdyr til humant konsum. Studiane gir blant anna viktig informasjon om korleis plantevernmiddelet blir transportert og brote ned (metaboliserast) i planten. Dette gir grunnlag for å vurdere kva nedbrytningsprodukt som skal analyserast for og inkluderast saman med morsstoffet når restar skal bestemmast.
Det er krav om at det skal utviklast gode analysemetodar for å måle plantevernmiddel og dets nedbrytningsprodukt i plantar og animalske produkt til humant konsum.
Dette er omfattande arbeid som blir utførte over fleire år. Europa blir delt i to soner, nord og sør. Det blir vanlegvis utført 8 ulike feltforsøk på ulike område i kvar sone. Målet er å studere nedbrytninga av plantevernmiddel under ulike klimatiske forhold og bestemme restnivå av stoffet og dei relevante nedbrytningsprodukta. Forsøka blir utførte i samsvar med god agronomisk praksis, noko som m.a. inneber at plantevernmiddelet som blir undersøkt skal brukast på ein måte som gir lågast mogleg restnivå. Dette restnivået dannar grunnlaget for fastsetting av maximum residue level, MRL. Det blir nytta robuste statistiske metodar i berekning av MRL.
Slike studiar blir utførte med henblikk på å avgjere om etterfølgande kulturar tar opp eventuelle restar i jord frå tidlegare bruk av plantevernmiddel.
Det blir også utført forsøk for å sjå på effekten av dei ulike bearbeidingsmetodane som blir nytta i industriell samanheng som koking, hermetisering og pressing og korleis dette påverke nedbrytinga av plantevernmiddelet
Etter at MRL er fastsett basert på forsøk som er nemnt ovanfor, blir inntaksberekningar utførte. I desse berekningane blir MRL kombinerte for dei ulike matvarene med forbruksdata. Inntaket av plantevernmiddelet og dets relevante nedbrytningsprodukt blir samanlikna med fastsette grenseverdiar for helse, dvs. akseptabelt dagleg inntak (ADI) og akutt referansedose (ARfD). For ei slik berekning blir det nytta modellar utvikla av EUs mattryggleiksmyndigheit (EFSA). Dersom berekninga viser uakseptabel risiko vil MRLen forkastast og plantevernmiddelet nektast godkjenning.