Mekanisk utbeina kjøtt (MUK)

Her finn du informasjon om kva mekanisk utbeina kjøtt er, korleis det skal merkast og om risikovurdering av MUK.  

Publisert

Mekanisk utbeina kjøtt (MUK) blir framstilt ved at ein vinn ut restane av spiseleg materiale som er igjen på beina etter at nedskjering/utbeining er gjort. Ny, meir skånsam produksjonsmetode gir eit produkt som reint visuelt ikkje er lett å skilja frå kverna kjøtt, men det er likevel framleis “mekanisk utbeina kjøtt” og skal derfor merkast som det. 

Det er tre kriterium som definerer MUK: 

  • type råmateriale “kjøttbein etter utbeining, eller frå fjørfeskrottar” 
  • bruk av mekanisk hjelpemiddel 
  • muskelfibrane mistar eller endrar strukturen sin 

Det er også utvikla ein metode der ein nyttar kalsium-innhaldet for å skilja mellom MUK og kverna kjøtt.  

Tilsyn 

Nokre aktørar i kjøttbransjen er urolege for ulik merking av produktet. Det er likevel fyrst og fremst bransjen sjølv som må sørgja for at dei fylgjer regelverket. 

Mattilsynet har ingen ekstra tilsyn når det gjeld MUK. Når det blir ført tilsyn med verksemder som produserer mekanisk utbeina kjøtt, blir det ført tilsyn med merkinga av produktet òg. Mattilsynet sine folk legg vekt på at tilhøva ved MUK handlar både om at verksemdene er reielege og om trygg mat. 

Les mer om merking av mat

Risikovurdering 

Det er ikkje større mikrobiologisk eller kjemisk risiko knytt til MUK enn frå kjøttprodukt.  

Regelverk

Forskr om hygieneregler, animalske næringsmidler