Merking av mat
Skal du selje ferdig innpakka mat for sjølvbetjening, er det klare krav til merking.
Generelle merkekrav til alle varer er
- nemning
- ingrediensliste der allergen er utheva
- nettoinnhald
- haldbarheit
- korleis oppbevare
- namn og adresse til produsent
- næringsdeklarasjon
- Du treng ikkje merke med næringsdeklarasjon dersom produksjonen din har preg av handverk, er av mindre omfang, og du leverer små mengder produkt direkte til sluttforbrukar eller lokal detaljist (til dømes butikk eller restaurant).
Dersom du sel produkta over disk, er det krav til skriftleg informasjon om kva for allergen det er i produktet. Kundane må kunne få anna informasjon munnleg når dei spør. Om du vel å merke produkta, må du følgje krava i regelverket.