Lokalmat – mjølkeprodukt

Her finn du informasjon om særskilde regelverkskrav og utfordringar ved produksjon av mjølkeprodukt.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Kvalitet på rå mjølk 
  2. Pasteurisert og upasteurisert produksjon
  3. Transport av mjølk frå mjølkerom til produksjonsrom 
  4. Saltlake 
  5. Tilsetning av urter 
  6. Merking 
  7. Prøvetaking
  8. Sal av rå mjølk
  9. Rømme for sal på stølen

Dei generelle reglane for god næringsmiddelhygiene vert ikkje omtala her. Det er du som skal kjenne til farane i din produksjon og vite kva du skal gjere for å sikre trygg mat.

Før du startar opp, er det nyttig å ta stilling til produksjonsmengde og korleis du vil distribuere produkta. Dette har betydning for om du skal søkje godkjenning eller om du kan velje berre å registrere verksemda.

Finn ut om du skal registrere eller godkjenne verksemda di 

Les meir om produksjon av mjølk og meieriprodukt på våre sider om matproduksjon

Skilje mellom ulike soner

Ved mjølkeproduksjon er det viktig å skilje mellom reine og ureine område. Du må vite korleis du skal unngå forureining mellom dei ulike arbeidsoppgåvene i produksjonen din.