Hovudprioriteringane for matområdet i 2025
Dette er hovudmåla for det risikobaserte tilsynet på matområdet i 2025.
Innhald på denne sida
- Importørar av matvarer skal kjenne regelverket og farane ved produkta dei importerer
- Tilsyn med slaktehygiene
- Kjøttverksemder som produserer rå farse og rå hamburgarar må sikre god hygiene
- Mattilsynet oppdaterer rettleiing om smittestoff og forureinande stoff i vegetabiler
- Produsentar av eteferdige næringsmiddel skal vere kjente med risikoen ved slike produkt
I tillegg til desse vil Mattilsynet, som vanleg, vareta løpande oppgåver, blant anna hendingar, prøvetaking, søknadsbehandling og oppfølging av bekymringsmeldingar.
Mattilsynet skal til kvar tid prioritere ressursane sine der sjansane for regelbrot og konsekvensar av desse er størst. Med dette som utgangspunkt vel Mattilsynet kvart år ut nokre område som blir prioriterte, både rettleiingsarbeid og utøvande tilsyn.
Importørar av matvarer skal kjenne regelverket og farane ved produkta dei importerer
I 2025 vil Mattilsynet legge større vekt på å støtte verksemder i å forstå risikoen ved matvareimport.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Import av matvarer har endra seg over tid. Det blir også importert matvarer frå land som har andre krav til produksjonen enn det vi har i Noreg. Det kan også vere at vi bruker produkta på ein annan måte i Noreg, enn det dei var tiltenkte. Det er derfor viktig at importørane av matvarer forstår regelverket for import av matvarer og at dei er merksame på farane og utfordringane med dei ulike produkta.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Mattilsynet vil gjere det enklare for verksemdene å vareta sitt ansvar for import av trygge matvarer. Eitt av Mattilsynets tiltak er derfor å gå gjennom og oppdatere informasjonen og rettleiinga vår om farane ved import.
Vi skal også ha kontrollar med importørar og visse grupper av produkt.
Mattilsynet lagar rettleiing slik at det er lettare for verksemdene å forstå krava
Enkel og lett tilgjengeleg rettleiing vil hjelpe importørane med å forstå krava i regelverket. Eit av tiltaka er derfor å gå gjennom og oppdatere nettsidene våre om korleis ein kan vurdere farane med import.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
- Vi oppdaterer nettsidene med informasjon om korleis ein kan vurdere farar med import
- Vi har etablert samarbeid med Tolletaten slik at vi kan samarbeide på ulike område.
- Mattilsynet vil kontrollere den særskilde salmonellagarantien ved innførsel av kjøtt og egg.
- Vi skal gjennomføre 100 dokumentkontrollar.
- Vi skal gjennomføre kontroll av fysiske vareparti for å skaffe oversikt over salmonella i innførte egg og kjøtt.
- Vi skal ha tilsynskampanje hos 100 importørar av vegetabilske produkt.
Tilsyn med slaktehygiene
Hovudmåla for Mattilsynets tilsyn med slaktehygiene er å kontrollere om slakteria gjennomfører tiltak for å sikre god slaktehygiene og unngå at slakteskrottar blir forureina med fekalier.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2024 og 2025?
Vi hadde to store utbrot med sjukdomsframkallande E. coli (EHEC) i 2023, eitt av desse med alvorleg sjuke barn. Folk blei sjuke av norsk storfekjøtt. EHEC frå huda og avføringa til dyra forureinar kjøttet.
Vi ser at andelen skitne slaktedyr har auka. For å unngå sjukdomsutbrot frå EHEC-bakteriar i norsk kjøtt, listeria-bakteriar i eteklare produkt eller salmonella-bakteriar i mat, skal Mattilsynet gjennom offentleg kontroll i heile kjeda sjekke at bransjeretningslinjer er formålstenlege og at regelverket blir følgt.
Mattilsynet vil også sjekke at vilkåra for innførsel (import og samhandel innan EØS) blir følgde. Vi vil spesielt ha fokus på slaktehygiene og skitne slaktedyr
Slakteria vektlegg slaktehygiene i alle ledd
Skitne dyr og dårleg slaktehygiene gir risiko for matboren sjukdom. Slakteria har ansvar for å ha rutinar for å unngå at skitne slaktedyr kjem inn til slakteriet. Dersom det likevel kjem skitne dyr, skal den driftsansvarlege varsle Mattilsynet og treffe formålstenlege tiltak.
Korleis planlegg Mattilsynet å jobbe med dette?
Vi vil gjennomføre revisjon med fysisk synfaring på alle heilårs slakteri, fjørfe, tamme hov- og klauvdyr. På desse revisjonane skal vi ha fokus på slaktehygiene, for raudt kjøtt-slakteria bygger vi vidare på revisjonen skitne slaktedyr frå 2024. I år legg vi vekt på fysisk inspeksjon av slakteprosessen for å kontrollere om slakteriet følger eigne rutinar. Revisjonane blir gjennomførte lokalt på kvart anlegg.
I tillegg til revisjonane vil vi inspisere slakteskrottar av (svin, storfe og småfe) og verifisere sluttkontrollen til slakteriet. Inspeksjonane skal gjennomførast over ein periode på 6 veker i februar og mars i heilårsslakteri.
Kva kan du/verksemda di forvente?
Du kan forvente revisjonar med tema god slaktehygiene der vi vil sjå på rutinar og tiltak som er implementerte for å sikre trygg mat. Mattilsynet vil varsle og avtale tid på vanleg måte, når vi skal gjennomføre revisjon i verksemda di. I tillegg kan du forvente at vi inspiserer skrottar for å verifisere sluttkontrollen til slakteriet for å unngå fekal forureining.
Relevante lenker
Kjøttverksemder som produserer rå farse og rå hamburgarar må sikre god hygiene
Mattilsynet vil i 2025 føre tilsyn med at kjøttverksemder følger regelverket og har tiltak for å unngå sjukdomsutbrot frå EHEC-bakteriar eller Salmonella i norsk kjøtt.
Mattilsynet vil også undersøke om regelverket for import og samhandel innan EØS blir følgd.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025?
Dette er eit framhald av arbeidet med skitne slaktedyr og slaktehygiene som blei prioritert i 2024, der vi prioriterer å sjekke rutinane i verksemdene for å unngå at kjøttet blir forureina med sjukdomsframkallande bakteriar.
Mattilsynet vil fokusere på tiltak verksemdene har for å unngå forureina råvarer som vil gjere sluttproduktet ueigna til forbruk. Kjøttråvarer som blir brukte til rå farse og hamburgarar blir kverna, så det er viktig at desse er minst mogleg forureina i utgangspunktet. Når kjøttstykka blir kverna, blir bakteriane på overflata jamt fordelte i heile produktet, noko som gir bakteriane gode vekstvilkår, og kort haldbarheit.
Korleis jobbar Mattilsynet med dette?
Mattilsynet vil gjere det enklare for verksemdene produsere trygge næringsmiddel. Eitt tiltak er å oppdatere informasjonen og rettleiinga vår om biologiske og kjemiske farar ved denne produksjonen.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
Mattilsynet vil kontrollere heile kjeda for å sikre at bransjeretningslinjer er formålstenlege, at regelverket blir følgt, og at reglane for import og handel innan EØS blir overhalde.
Vi vil undersøke kva krav som blir stilte til råvarekvalitet med omsyn til tiltenkt bruk. Vi vil også sjå på fareanalysen til bedrifta, og tiltak for å sikre trygge råvarer. Vi vil sjekke at viktig informasjon om bruksvilkår, som varmebehandling, følger kjøttet heile vegen frå slakteri til nedskjeringsverksemder, til andre produsentar, til detaljistar, og ut til forbrukar. Dette gjeld både kjøttsorteringar og deigar/farsar.
Når verksemder har innført retningslinja "hygienisk varestraum", sjekkar vi også om rutinane er formålstenlege for å oppfylle krava.
Det vil gjennomførast digitale revisjonar av:
- Godkjente nedskjeringsverksemder for storfe, småfe
- Godkjente nedskjeringsverksemder for kvitt kjøtt
- Godkjente produksjonsverksemder som produserer rå hamburgar og tilbredt kjøtt (rå farse)
Mattilsynet vil varsle og avtale tid på vanleg måte, når vi skal gjennomføre revisjon i verksemda di.
Mattilsynet oppdaterer rettleiing om smittestoff og forureinande stoff i vegetabiler
Mattilsynet vil gjere det enklare for primærprodusentar å vareta sitt ansvar for trygg produksjon av frukt, bær, grønsaker og korn.
Derfor skal vi i 2025 oppdatere informasjon og rettleiing om smittestoff og forureina stoff, inkludert plantevernmiddel, tillegg til å føre tilsyn.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2025
Norskprodusert frukt, bær, grønsaker og korn kan innehalde smittestoff eller forureina stoff, inkludert plantevernmiddel.
Korleis jobbar Mattilsynet med dette?
Mattilsynet skal oppdatere informasjon og rettleiing. For å få oversikt over i kva grad næringa (primærprodusentane) følger regelverket, vil vi også gjennomføre tilsyn i sommarhalvåret.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
Mattilsynet vil prioritere å føre tilsyn med produsentar av bladgrønsaker og bær som blir dyrka på friland og blir eten rå, mikrogrønt mm.
Produsentar av eteferdige næringsmiddel skal vere kjente med risikoen ved slike produkt
Mattilsynet prioriterer tilsyn med produsentar av eteferdige næringsmiddel i 2024 og 2025.
Vi kontrollerer om verksemdene gjennomfører tiltak som sikrar at eteferdige næringsmiddel er trygge for forbrukar.
Kvifor vel Mattilsynet å prioritere dette i 2024 og 2025?
I dei siste åra har det vore fleire utbrot forårsaka av eteferdige næringsmiddel. Mattilsynet vil derfor føre tilsyn med verksemder som produserer eteferdige risikoprodukt innan kategoriane
- kjøttprodukt
- mjølkeprodukt
- sjømat
- frukt og grønt
Kva er eteferdige næringsmiddel?
Eteferdige næringsmiddel er mat som kan etast direkte, utan å måtte kokast eller lagast for å fjerne skadelege mikroorganismar.
Eksempel på slike næringsmiddel er salat, rakfisk, røykt og graven fisk, kjøttpålegg og blaute ostar.
Korleis jobbar Mattilsynet med dette?
Mattilsynet skal oppdatere informasjon og rettleiing for å gjere det enklare for verksemdene å produsere trygge eteferdige næringsmiddel.
I tillegg skal vi kontrollere enkelte verksemder. På tilsyna vil vi kontrollere tiltaka for verksemda som sikrar at eteferdige næringsmiddel er trygge for forbrukar.
Kva betyr det for deg, og kva kan du/verksemda di forvente?
Tilsynet med produsentar av eteferdig sjømat, kjøtt og vegetabiler som starta opp i 2024, vil sluttførast i 2025.
I tillegg vil Mattilsynet også gjennomføre tilsyn på meieriområdet. Der vil vi konsentrere oss om verksemder som produserer mjuke ostar og verksemder som produserer ost av upasteurisert mjølk. Desse tilsyna skal etter planen starte i juni 2025.
På tilsyna kontrollerer vi fareanalysen for verksemda og styringstiltak for å sikre trygg mat. Der det er relevant vil vi også undersøke korleis verksemdene sikrar at næringsmidla er trygge med omsyn til dei mikrobiologiske kriteria og regelverket for framandstoff.
Les meir om tilsynet her: