Trygg produksjon av lokalmat

Så lenge du produserer trygg mat, er det i stor grad du som bestemmer korleis du vil utforme og drive verksemda di. Hygieneregelverket er fleksibelt, og det er det same for alle verksemder, uansett storleik.

Publisert

Innhald på denne sida

  1. Styringssystem for mattryggleik
  2. Lokale og utstyr
  3. Innpakking og emballasje
  4. Vassforsyning
  5. Merking av mat
  6. Identifikasjonsmerke for godkjende verksemder
  7. Spore råvarer og produkt
  8. Prøvetaking

Lokalmat er matproduksjon og servering som er nær knytt til råvareprodusenten, anten på eigen gard, seter, utmark/fiskevatn eller i nærområdet. Produksjonen skal ha preg av handverk og vere av mindre omfang. 

Mattilsynet bruker lokalmat om matproduksjon og servering som er nært knytta til råvareprodusenten, enten på eigen gard, seter, utmark/fiskevatn eller i nærområdet. Vi bruker også lokalmat for produksjon som har preg av handverk og er av mindre omfang.  

Det er nødvendig at du gjer deg kjent med regelverket som gjeld din produksjon. Du og dine tilsette skal ha nødvendig kompetanse til det kvar enkelt skal arbeide med. Dette betyr minimum grunnleggande kunnskap om næringsmiddelhygiene og internkontroll og kjennskap til aktuelt regelverk. 

Hugs at drifta di må vere registrert eller godkjend hos Mattilsynet.