Internkontroll i akvakulturnæringa
Mattilsynet har laga IK-Akvarettleiar som gjeld for alle akvakulturanlegg som er omfatta av dyrevelferdslova og matlova, med unntak av fangstbasert akvakultur.
Forskrifta om internkontroll for å oppfylle akvakulturlovgivningen gjeld også for tenesteprodusentar som kan føre med seg smitte eller påverke velferda hos akvakulturdyr.
Er du eit notvaskeri, eit slakteri, ein transportørar eller ein annan tenesteprodusent som kan føre med seg smitte eller påverke velferda hos akvakulturdyr i akvakulturanlegg, så gjeld denne forskrifta for deg.
Formålet med rettleiaren er å gje hjelp til å etablere gode styringssystem på fiskehelse- og fiskevelferdsområdet, og å bidra til forbetringskultur i eiga verksemd.