2. Kvifor treng vi internkontroll?
Alle oppdrettarar ynskjer god fiskehelse og fiskevelferd. Det vil også bidra til betre økonomi, god berekraft, og etisk matproduksjon. Korleis kan di verksemd oppnå dette på ein god og systematisk måte?
Det er dette internkontroll handlar om. Verksemder som har god internkontroll, opplever å få redusert dødelegheit, betre velferd og mindre sjukdom på fisken.
Denne rettleiaren er for alle som arbeider med akvakultur. Spesielt for leiarar som arbeider med fiskehelse og fiskevelferd. Men også for andre som er involverte i produksjonen, til dømes røktarar, fiskehelsetenester, fiskehelseansvarlege og andre tilsette som arbeider med kvalitetsstyring.
Internkontroll kan ein oppleve som ei ekstra og tyngande plikt, men eigentleg er det eit verktøy for å betre produksjonen og drive forsvarleg. Internkontrollen er eit styringssystem som leiinga skal nytte til å sikre forsvarleg fiskehelse og fiskevelferd. Planlagde og grundig vurderte tiltak for å styrke fiskehelse og -velferd vil løne seg i lengda. Gjennom systematisk arbeid kan utbrot av smittsame sjukdomar reduserast. Gode arbeidsrutinar kan hindre dårleg velferd. Feil vil alltid kunne skje, men det er viktig at ein lærer av desse, slik at ulike former for svikt ikkje gjentek seg. Denne førebygginga og læringa må setjast i system, slik at det ikkje blir tilfeldig korleis drifta skjer.
Skal dei systematiske tiltaka fungere gjeld det å få dei tilsette til å ha eigarskap til systemet. Vi tilrår derfor ikkje at de kjøper eit «ferdigutvikla» styringssystem. Kompetansen som finst i verksemda må nyttast best mogleg og styrkast kontinuerleg. Styringssystemet må vere levande, og dei tilsette må vere med på å utvikle rutinar. Handteringa av fisken avhenger av den kapasiteten og kunnskapen dei tilsette har.
Føremålet med internkontrollen er:
- forsvarleg drift
- systematisk forbetring
Internkontrollsystemet skal medverke til at verksemda heile tida skjer i tråd med regelverket. Det er viktig at de tilpassar og oppdaterer styringssystemet slik at det passar til utviklinga av verksemda og samfunnet sine krav.