4. Rutinar og prosedyrar
Eit internkontrollsystem er altså eit styringssystem i verksemdene som viser prosessane i verksemda. Det skal sikre at drifta dykkar er i tråd med regelverket og at de har ein forbetringskultur.
Slike prosessar er mellom anna risikovurderingar og avvikshandtering.
Ei form for tiltak som ofte kjem i kjølvatnet av risikovurderingar og avvikshandtering, er etablering av ein rutine eller prosedyre. Poenget då er at verksemda bestemmer seg for eit handlingsmønster, – slik skal vi handtere dette i den framtidige drifta! Handlingsmønsteret kan etablerast gjennom ein rutine eller gjennom ein prosedyre.