11. Beredskap og beredskapsplan
Identifisering av risiko og risikovurdering er viktige stikkord for å sikre forsvarleg drift på ulike område. I verste fall er risikoen så stor at det er naturleg å snakke om ei potensiell krise eller ein kritisk situasjon.
Akvakulturregelverket krev at de er budd på slike situasjonar. Denne førebuinga er beredskap. Beredskapsplanlegginga er ein viktig del av internkontrollen. Beredskap inneber at de skal handtere krisesituasjonar og redusere skade eller tap på materiell, dyr eller menneske. Denne rettleiaren handlar om beredskapsarbeid relatert til fisken, jf. Akvakulturdriftsforskrifta § 7, 2. og 3. ledd.