1. Forord
Eg er viss på at seriøse verksemder vil prioritere systematisk arbeid med førebygging av svikt og feil og forbetring av drifta. Likevel ser vi at det framleis er mykje å hente på arbeidet med internkontroll, og det er derfor viktig for oss å få fram formåla og dei positive sidene ved at leiinga legg opp til systematisk styring.
Arbeidet med internkontroll er ikkje ei tilleggsbelastning, men ei hjelp for verksemdene.
Internkontroll som styringssystem har lange tradisjonar, ikkje minst i industriell verksemd, og har vist seg nyttig både i leiinga av private og offentlege organisasjonar. Det viktige for oppdrettsselskapa er at dei har gode prosessar som hevar kvaliteten på drift og produksjon og som bidrar til at gjeldande regelverk blir følgt. Internkontrollarbeidet er altså først og fremst i verksemda si interesse, med utgangspunkt i problemstillinga: Korleis kan vi heile tida bli betre?
Styringssystema i ei verksemd handlar om å etablere prosessar som dreg produksjonen i rett retning. Dette gjeld til dømes etablering og evaluering av førebyggande tiltak, handtering av avvik, risikovurdering, etablering av prosedyrar og beredskapsplanlegging. Slike prosessar er nyttige fordi dei kan ha direkte innflytelse på drifta. Tilleggsgevinstar av arbeidet er at desse prosessane gir god innsikt i eigen organisasjon og bidrar til å heve kompetansenivået. Ved at leiinga sjølv deltek og utnyttar kompetansen i verksemda, kan det skapast ein positiv kultur i organisasjonen, ein forbetringskultur.
Som kontrollerande tilsynsetat ser vi at det er betydelege forskjellar mellom verksemder som har klart å etablere ein forbetringskultur, og dei som ikkje har det. Kulturen i verksemda viser seg ofte igjen i helse- og velferdssituasjonen for fisken. Ein forbetringskultur påverkar også det økonomiske resultatet og verkar inn på trivselen for dei tilsette i verksemda.
Denne rettleiaren har som føremål å gje hjelp til dei som treng etablere styringssystem og forbetringskultur i eiga verksemd. Lukke til med leiinga!
Elisabeth Wilmann
direktør, avdeling fisk og sjømat, Mattilsynet