10. Sikre god fiskevelferd – Fiskevelferdsplan
Verksemdene må synleggjere at dei medverkar til forsvarleg fiskevelferd slik dyrevelferdslova legg opp til.
For å sikre god handtering av fisken er det avgjerande at dei tilsette har den nødvendige kompetanse innan fiskevelferd. Akvakulturdriftsforskrifta regulerer den daglege drifta ved anlegga. Forskrifta krev i § 5 at oppdrettsdrifta skal vere helsemessig og fiskevelferdsmessig forsvarleg.
For å følge opp forventningane i dyrevelferdslova og akvakulturregelverket må de konkretisere velferdsmessige utfordringar på anlegga dykkar og finne akseptable løysingar på desse.